STUDIEPLAN

Har du lyst på ein variert, utfordrande og morosam jobb i møte med unge menneske? Som grunnskulelærar for 5. ­ 10. klasse får du vere med på å forme elevane ved å lære dei å meistre, lære og utvikle seg fagleg og personleg i takt med eigne føresetnader.

Volda er kjent for eit godt studiemiljø med tett kontakt mellom studentar og lærarar. Vi har alt du treng samla på ein liten stad!

Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10

Studieprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Studienivå: 
2. syklus (master)
Studiepoeng: 
300
Studielengd: 
10 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
100
Studietype: 
Master
Organisering: 
Heltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse og minst karakteren 4 i matematikk (224 timar) og minst karakteren 3 i norsk (393 timar, gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg) og minst 35 skulepoeng.

Kravet om karakteren 4 i matematikk gjeld ikkje for søkarar med minst karakteren 2 i programfag i matematikk (S1, S2, R1 eller R2). 

Krav om politiattest

Det er krav om politiattest, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning, kap. 6.

Om studiet: 

Master i grunnskulelærarutdaning for trinn 5-10 ved Høgskulen i Volda (HVO)  byggjer på Forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10.

Høgskulen i Volda skal utdanne dyktige og reflekterte lærarar som skal legge til rette for gode læringsmiljø for elevar på 5.-10. årssteg. Utdanninga er ei 5-årig integrert profesjonsretta og forskingsbasert masterutdanning som krev aktiv deltaking frå studentane.

Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. Studiemodellen som er valt ved Høgskulen i Volda gir høve til både breidde og fordjuping i fag. Dei ulike faga har sine særpreg og arbeidsmåtar, og studiet skal sikre at studenten har eit godt fundament for arbeidet som lærar i faga.

I grunnskulelærarutdanninga er praksis integrert i alle fag, og det vil vere eit nært samarbeid mellom fagpersonane innan pedagogikk og elevkunnskap, dei ulike faga og praksis. Det er praksis i dei fire første åra, med oppstart allereie tidleg første året. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu til god profesjonsforståing, og erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar.

Utdanninga set læraryrket inn i ein historisk og samfunnsmessig samanheng og bidreg til kritisk refleksjon og profesjonsforståing.

I både obligatoriske fag og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema som er definert i nasjonal forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10: https://www.regjeringen.no/contentassets/fbaf26939bbd40abacba73e34a95d2fc/forskrift-om-rammeplan-for-grunnskolelarerutdanning-for-trinn-5-10.pdf

Sjå oversikt over studiemodell her

Fagleg profil

Fagval

Studentane på MGLU 5-10 kan ta masterfordjuping  i matematikk, norsk, samfunnsfag, engelsk eller det skulerelevante faget spesialpedagogikk. Dei skal i tillegg velje  60 studiepoeng i eitt av dei nemde fire skulefaga.

I vårsemesteret andre studieår  kan studenten velje 30 studiepoeng i anten naturfag, kroppsøving, KRLE, digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon eller spesialpedagogikk. Studentane kan også velje å studere i utlandet dette semesteret. Sjå meir under fagleg oppbygging og internasjonalisering.

Spesialpedagogikk

Høgskulen i Volda har eit sterkt spesialpedagogisk fagmiljø som er med og prege heile grunnskulelærarutdanninga. Studenten kan velje 30 studiepoeng spesialpedagogikk i  andre studieåret. Det er også mogeleg å velje spesialpedagogikk som masterfordjuping.

Profesjonsfagleg digital kompetanse

Studentane skal gjennom studiet bli medvitne og kritiske brukarar og produsentar av digitale ressursar både for eige og for elevane sitt læringsarbeid. Digital kompetanse skal vere ein integrert del i alle fag. Fagområdet er utvikla i samarbeid med dei sterke fagmiljøa på IKT og media ved Høgskulen i Volda. I andre studieår kan studenten velje 30 studiepoeng digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon.

Nynorsk og bokmål

For å sikre at studenten meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng, er emnet Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk obligatorisk for alle studentane første studieår. Dette gjeld uavhengig av kva fag dei vel i grunnskulelærarutdanninga. I tillegg må studenten levere arbeidskrav på begge målformer i løpet av utdanninga.

Vitskapsteori og metode

Alle faga i lærarutdanningane er forskingsbaserte. Det betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori i alle fag og gjennom heile studiet. Gjennom heile femårige utdanninga vert det lagt opp til ein systematisk progresjon i utvikling av profesjonsretta kunnskapar og ferdigheiter innanfor tema vitskapsteori og metode. Temaet vitskapsteori og metode blir introdusert tidleg i studiet og vert eit gjennomgangstema og ein integrert del i pedagogikk og elevkunnskap, undervisningsfaga, dei skulerelevante faga  og i praksis gjennom den femårige utdanninga. Studenten skal tileigne seg kompetanse og kunnskapar om vitskapsteori og vitskaplege metodar. Målet er at studentane på eit sjølvstendig grunnlag innsiktsfullt skal kunne lese og vurdere vitskaplege tekstar og vere i stand til sjølve å skrive akademiske fagtekstar. I arbeidet med vitskapsteori og metode skal studentane utvikle forskingskompetanse som omfattar forståing for, og bruk av, ulike forskingsmetodar og analyseformer, utvikling av eit fagspråk om vitskap og metode, og forskarblikket for eiga profesjonsutvikling.

Det første året skal studenten få kunnskap og ferdigheit i systematisk observasjon som metode. Denne kompetansen skal utviklast gjennom deltaking i undervisning i pedagogikk og elevkunnskap og i dei andre faga i utdanninga, og i møte med metodelitteratur og utøving av praktisk arbeid i seminar og i praksisopplæringa. Studentane skal m.a. i løpet av praksisopplæringa gjennomføre eit systematisk arbeid i observasjon retta inn mot lærarrolla og kontaktlærarrolla.

I løpet av det første året skal studenten også delta på FoU-konferansen for GLU-utdanninga. Her vert studenten introdusert for sjangeren «FoU-oppgåve», som vert eit arbeid dei skal gjennomføre det 3. studieåret. På FoU-konferansen vert det lagt opp til at studentane i team (saman med andreårsstudentar) skal vere «opponentar» for studentar som skriv FoU-oppgåve. For at førsteårsstudentar skal få kunnskapar om arbeid med FoU-oppgåva og ha ferdigheiter som opponentar, vert det arrangert ein fagdag med ein workshop. Der vert studentane informerte om krava til sjanger og innhald i FoU-oppgåva og kva som er god opposisjon/tilbakemelding. Vidare får studenten utdelt eit abstrakt frå ei FoU-oppgåve (oppsummeringar av dei ulike delane av FoU-oppgåva) og skal i samarbeid med ein medstudent vurdere innhaldskomponentar i FoU-oppgåva og planlegge spørsmål til opposisjon og gi læringsfremjande tilbakemeldingar.

Det andre året skal studenten få kunnskap og ferdigheit i intervju som forskingsmetode, utvikle evne til kritisk lesing og kompetanse i akademisk skriving. Studenten vil i undervisningsfaga og dei skulerlevante faga arbeide med metodelitteratur og gjennomføre eit praktisk forskingsarbeid i løpet av praksisopplæringa. Studentane skal m.a. i undervisningsfaget Spesialpedagogikk gjennomføre eit forskingsarbeid om elevrolla og tilpassa opplæring basert på intervju og/eller observasjon som metode.

Gjennom deltaking på FoU-konferansen i løpet av det andre studieåret vil studenten på nytt møte sjangeren «FoU-oppgåve». På FoU-konferansen vert det lagt opp til at andreårsstudentane i team (saman med førsteårsstudentane) skal vere «opponentar» for studentar som skriv FoU-oppgåve. For at andreårsstudentar skal få utvikle kunnskapar om arbeid med FoU-oppgåva og utvikle ferdigheiter som opponentar, vert det arrangert ein fagdag med ein workshop der studentane utviklar forståing om krava til sjanger og innhald i FoU-oppgåva og kva som er god opposisjon/tilbakemelding. Studenten vil få utdelt eit abstrakt frå ei FoU-oppgåve (oppsummeringar av dei ulike delane av FoU-oppgåva) og skal i samarbeid med ein medstudent vurdere innhaldskomponentar i FoU-oppgåva og planlegge spørsmål til opposisjon og gi læringsfremjande tilbakemeldingar.

Tredje året skal studenten skrive ei FoU-oppgåve i masterfaget i kombinasjon med pedagogikk og elevkunnskap. Studenten skal få muligheit til å utvikle kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske spørsmål innanfor utdanningsforsking og kunnskap om det emnet som den enkelte har fordjupa seg i. I samband med dette arbeidet deltek studenten på eit kurs/seminar i vitskapsteori og forskingsmetode som er felles for undervisningsfaga vårsemesteret 3. året. Studentane vil her få ei innføring i teori, litteratur og sentrale element for å kunne arbeide med eiga FoU-oppgåve. Oppgåva vil vere eit individuelt arbeid der studenten skal bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid for gjennomføring av eit avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing. Studenten skal få erfaring med akademisk skriving. Dei skal analysere relevant forsking og analysere og formidle eit samansett fagstoff på ein overtydande måte. Som ein del av utviklinga av desse ferdigheitene er eit arbeidskrav om lag midtveis i arbeidet å skrive eit abstrakt av FoU-oppgåva og presentere dei ulike delane av oppgåva for faglærarar og første- og andreårsstudentar på ein intern FoU- konferanse (jf. omtalen av første og andre studieåret ovanfor). På denne konferansen vert det lagt opp til at studentane i første og andre klasse skal delta som opponentar og gi læringsfremjande tilbakemeldingar basert på informasjon frå abstraktet og presentasjonen. Faglærarar skal vurdere presentasjonen og gi læringsfremjande tilbakemelding.

I fjerde studieåret møter studentane vitskapsteori og metode i hovudsak på to måtar. Den eine måten er at innhaldet i fagemna delvis omhandlar faget som vitskapsfag, og ulike sider ved faget sin eigenart og kunnskapsutvikling vert handsama på eit avansert nivå. Den andre måten er at deler av pensumlitteraturen er valt ut for å gi studentane døme på eit spekter av ulik metodebruk i faget. Dei ulike metodevala og metodebruken i pensumlitteraturen vert drøfta på lik linje med det faglege innhaldet. Slik vert studentane rusta til å møte det reine vitskapsteori- og metode-emnet som kjem femte studieåret.

Femte studieåret får studentane ei avansert innføring i vitskapsteori og metode som grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. Det meste av dette vil bli organisert felles for alle studentane gjennom eit felles emne på 15 studiepoeng. Dette emnet gir studentane ein vitskapsteoretisk og metodisk kompetanse som set dei i stand til å gjennomføre masteroppgåva, samstundes som det gir den metodiske breiddekunnskapen dei treng for å sette seg inn i forsking på høgt nivå. Ulike vitskapsteoretiske og etiske perspektiv vert tematiserte og drøfta saman med dei mest vanlege kvalitative og kvantitative metodane og sentrale omgrep som validitet og reliabilitet. Både fagovergripande og fagspesifikke tema vert tekne opp. I pensumlitteraturen er dette konkretisert i ein felles og ein fagspesifikk del. Studentane skal i løpet av emnet utvikle forskingsplan for masteroppgåva.

Masteroppgåva avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling. Oppgåva skal ha ein klar relevans for 5.–10. steg i grunnskulen med kunnskapsgrunnlag henta frå masterfaget og faget Pedagogikk og elevkunnskap. Arbeidet med oppgåva stiller høge krav til metode og forskingsetikk, og studentane vidareutviklar den metodiske spisskompetansen dei treng gjennom dette arbeidet.

 

 

Fagovergripande tema i studiet

 

I tillegg til fagspesifikke tema som blir skildra i dei ulike emneplanane, blir følgjande tema omhandla i alle fag og i praksisopplæring i løpet av den femårige grunnskulelærarutdanninga:

Tilpassa opplæring

Rett til tilpassa opplæring er forankra i opplæringslova. Tilpassa opplæring er kjenneteikna av variasjon, for eksempel gjennom arbeidsoppgåver, lærestoff, intensitet i opplæringa, organisering av opplæringa, læremiddel og arbeidsmåtar. Studentane skal lære å tilpasse opplæringa til mangfaldet i elevgruppa. Kunnskap om tilpassa opplæring er ivaretatt i alle fag i studiet med tett kopling til praksisopplæringa. I 2. studieår er det i praksisopplæringa et spesielt fokus på elevrolla og tilpassa opplæring, men temaet går igjen i fag og i praksis gjennom heile utdanninga.

Vurdering

I arbeid med vurdering skal studentane utvikle vurderingskompetanse som omfattar bruk av arbeidsmåtar (metodar), vurderingsformer, utvikling av eit fagspråk om vurdering og kompetanse til å sjå samanheng mellom kompetansemål i læreplanar og vurdering. Studentane skal også utvikle kunnskapar og ferdigheiter i å sjå samanheng mellom eigen (lærarar sin) vurderingspraksis og vurderingskompetanse, elevane sin motivasjon og mestring, og viktigheita av å bruke kunnskap om vurdering for å fremje elevane si læring.

Studenten må kunne utvikle og kommunisere tydelege mål for opplæringa, vurdere læringsutbytte til elevane, gi elevane faglege relevante tilbakemeldingar og legge til rette for elevene si eigenvurdering. Utdanninga legg til rette for at studentane i ulike fag får opplæring i å gi læringsstøttande tilbakemeldingar. Studentane skal òg utvikle kompetanse i vurdering i fag og i orden/åtferd. Studenten skal lære seg å vurdere læringsutbytte til elevane både med og utan karakterar, og kunne grunngi vurderinga. Studenten må kunne forstå og bruke resultat frå ulike prøver, kartleggingsverkty og kvalitetssystem i oppfølging av elevane si læring.

Med utgangspunkt i utvikling av god vurderingspraksis vert det gjennom den 5-årige utdanninga lagt opp til ein progresjon og gitt rom for systematiske utprøvingar, der studentane får tid både til å gi, ta i mot og bruke konstruktive tilbakemeldingar som kan fremje læring. Det vert også lagt til rette for at studentane kan delta i utprøvingar og ein diskusjon om vurderinga sine teoretiske og praktiske sider. Dette ser vi på som ein vesentleg del av det å utvikle kunnskapar og ferdigheiter for å forstå vurderinga si betyding for undervisning og læring i skulen.

 

Grunnleggande ferdigheiter

Å kunne utrykke seg munnleg og skriftleg, å kunne lese og rekne og å kunne bruke digitale verktøy er både ei føresetnad og for utvikling av fagkunnskap og ein del av fagkompetansen i alle fag. Kvar enkelt fag i utdanninga skal gi studentane kunnskap om korleis dei kan jobbe med elevane si utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i faget. Faget pedagogikk og elevkunnskap skal sørge for at studentane får ein teoretisk overbygning om grunnleggande ferdigheiter, som føresetnad for arbeidet med desse i dei ulike faga.

 

Profesjonsfagleg digital kompetanse

Studentane skal gjennom studiet utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse på tre nivå: individ, samhandling og struktur. Gjennom dei to første studieåra legg ein vekt på læraren og eleven sin digitale kompetanse i form av digitale ferdigheiter og bruk av digitale ressursar i eige læringsarbeid. Ein fokuserer så på samhandling med digitale ressursar både i klasserommet og sosial interaksjon og praksisar mellom elevane, både på tilrettelegging for læring og digital dømmekraft. Studentane skal utvikle evne til å vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter og nettvett. På dei siste trinna i studiet fokuserer ein på dei strukturelle rammene for digital kompetanse i skulen, både korleis skulen sine strukturelle rammer verkar inn på korleis ein kan få til digital utvikling, og korleis medie- og informasjonssamfunnet verkar inn på korleis skulen og læraren kan drive læringsarbeid.

 

Andre tema som blir gjennomgått i studiet, mellom anna gjennom undervisning i ulike fag, tverrfagleg undervisning, seminar og temadagar:

  • Medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet

    • merksemd på kulturelle skilnader og kunne bruke disse som positiv ressurs

    • kunnskap om menneskerettane og om urfolk sine rettar

    • vekt på internasjonalt samarbeid og solidaritet for å oppnå berekraftig utvikling og sosial utjamning

  • Psykososialt læringsmiljø

    • få kompetanse om korleis ein som lærar kan skape eit trygt psykososialt skulemiljø, førebygge og handtere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering

  • Samiske tilhøve og rettane til samiske elevar

    • kunne ivareta opplæring om samiske tilhøve, rettane til samiske barn og det samiske folket som urfolk

    • kunnskap om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane for grunnopplæringa og om rettane til dei samiske elevane

  • Berekraftig utvikling

    • berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema med forskingsbasert kunnskap om klima, miljø og utvikling

  • Estetiske læringsprosessar

    • kreativ læring gjennom ulike uttrykk, formidling og framføringar som er med på å utvikle sjølvtillit og identitet hos elevane

Innhald, samanheng og progresjon i studiet

Grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10 er ei integrert, forskingsbasert og profesjonsretta lærarutdanning der det er ei er tett samankopling mellom fag, pedagogikk og elevkunnskap og praksis. Gjennom utdanninga skal studenten utvikle kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som gjer studenten i stand til å skape trygge og inkluderande læringsmiljø, leie læreprosessar tilpassa elevar på ulike trinn og med ulike føresetnader og legge eit grunnlag for vidare profesjonell utvikling av eigen praksis.

Innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer er varierte slik at emna i ulike fag samla legg til rette for at studentane skal oppnå det totale læringsutbyttet etter fullørt utdanning. I utforming av arbeidsmåtar og vurderingsformer er det lagt vekt på å skape variasjon og sørge for progresjon. Arbeidskrava er knytt til sentrale innhaldselement i emna,  og skal vere både ei fordjuping og prøving i fagstoff. Dei skal også gi trening i og prøve studentane sin kompetanse i forskingsmetodiske ferdigheiter, og  grunnleggande ferdigheiter som akademisk skriving og lesing, munnleg og digital kompetanse.

Det blir arrangert obligatoriske fagdagar og seminar gjennom alle år med fagovergripende tema. Her vil fagpersonar frå ulike miljø, både interne og eksterne, bidra i planlegging og gjennomføring for å sikre samanheng og progresjon mellom faga i grunnskulelærarutdanninga.

Utdanninga er delt inn i syklus 1 (1.-3. studieår) og syklus 2 (4.-5. studieår) Det er progresjon i læringsutbytte i utdanninga gjennom at studenten skal ha brei fagleg og fagdidaktisk kompetanse i fag i syklus 1, og avansert kunnskap i utvalde område og fag, basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap i syklus 2.

  1. < >

I første studieår er det fokus på lærarrolla og lærings- og utviklingsprosessar. Dette er knytt tett opp mot praksisopplæringa og innhaldet i pedagogikk og elevkunnskap, i tillegg til faga norsk, matematikk, samfunnsfag og engelsk, der det er lagt vekt på dei utfordringane som er knytt til formidling av faget på mellomsteget. Praksis er lagt til mellomsteget i første studieår der studentane også skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis. Dei skal  gjennomføre systematisk observasjon av læraren sitt arbeid, analysere og rapportere denne skriftleg i grupper. Gjennom dette vert dei kjende med observasjon som vitskapleg metode, får kjennskap til kva lærarens arbeid kan dreie seg om, og dei får ei første innføring i akademisk skriving i faget.

Tidleg i haustsemesteret blir det arrangert obligatorisk seminar i profesjonsfagleg digital kompetanse med tema som personlege læringsnettverk og sosiale medium, samt fagspesifikk digital studieteknikk og nettvett.

Studentane skal i tillegg gjennomføre kurs i teknisk og pedagogisk bruk av ulike IKT-verktøy i skulen, mellom anna bruk av digitale tavler i undervisning.

I forkant av praksisperiodane får studentane praktisk undervisning i drama og estetiske læringsprosessar. Dei skal blant anna få innføring i korleis ein bruker stemmen og kroppsspråk som lærar, og dei skal lære å leie ulike dramapedagogiske undervisningsopplegg. Dette er sentralt i utviklinga av lærarrolla, og dei får høve til å prøve dette ut i praksis.

 

2. studieår

I andre studieår er det i haustsemesteret fokus på elevrolla, elevmangfald og tilpassa opplæring i ulike fag. Praksisopplæringa er lagt til ungdomssteget, og studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer dei i stand til å sjå den enkelte eleven og kunne legge til rette for tilpassa opplæring i ulike fag. For å gi studentane konkret reiskap til å arbeide med og reflektere over eigen og andre sin praksis, vil fagmiljøa mellom anna arbeide med «lesson study» som metode. I vårsemesteret kan studenten velje mellom fleire ulike fag på 30 studiepoeng. I praksisopplæringa vil fokuset vere på klasseleiing, vurdering og læraren si tilrettelegging av fag, med utgangspunkt i det faget studenten har valt dette semesteret. Innhald i faga og i praksisopplæringa bygger vidare på kunnskap frå emna i første studieår, mellom anna innan tema som undervisningsplanlegging, didaktiske prinsipp i faga, grunnleggjande ferdigheiter og klasseleiing.

Det vil i andre studieår også bli arrangert fagdagar og seminar med tema som dysleksi, dyskalkuli og ungt entreprenørskap og innovasjonscamp.  I tillegg blir det arrangert fagdagar i profesjonsfagleg digital kompetanse med tema som handlar om barn og unges mediekultur og digital multimediekompetanse.

 

3. studieår

I tredje studieår er det fokus på elevmangfald, skulen som organisasjon og det heilskaplege opplæringsløpet. Dette er kopla tett opp til innhaldet i pedagogikk og elevkunnskap, praksisopplæring, samt dei andre faga studentane tek i tredje studieår. Fleirfaglege perspektiv på undervisninga i temaet «Den fleirkulturelle skulen» er vektlagt slik at studentane får erfaring med å kople og diskutere samansette faktorar som kan ha betyding for elevane si læring og utvikling. Gjennom praksisopplæring og FoU-oppgåva skal studentane få kunnskap om metodar knytt til forskings- og utviklingsarbeid i skulen. I praksisopplæringa vil det også vere fokus på overgangen mellom ungdomstrinn og vidaregåande skule. Fagovergripande tema blir som blir behandla i 3. studieår er mellom anna medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet, samiske tilhøve og rettane til samiske elevar. Det blir òg arrangert seminar som omhandlar den fleirkulturelle skulen og samiske perspektiv, samt differensiering, klasseleiing og vurdering i teknologirike læringsmiljø knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse.

4. studieår

I fjerde studieår vil studentane ha vidare fordjuping i masterfaget dei har valt.

I engelsk møter studentane tre spissa faglege tema i eit klasseromsperspektiv: studenten ser korleis fagstudium på eit høgt nivå relaterer direkte til aktivitet i klasserommet. I emne 3A, Resepsjon, adaptasjon og omsetjing, vil studenten fordjupe seg i korleis forteljingar blir tilpassa nye former og formål: eit tema med opplagt undervisningsrelevans, t.d. i tilpassa opplæring. Emne ENG 3B, Ordkunnskap og ordlæring, er i stor grad retta mot forståing og medvit om ordstruktur som ein kraftfull reiskap i språktileigninga. Emnet ENG 3C i Digital kompetanse, byggjer vidare på den innføringa studentane har fått i didaktisk bruk av IKT, og hevar denne til eit høgt profesjonelt og vitskapleg nivå.

Med masterfordjuping i matematikk møter studentane tre matematikkfaglege og matematikkdidaktiske emne. Emnet Matematikk – eigenart, læring og undervisning tek føre seg grunnleggjande spørsmål knytt til matematikkens eigenart, matematikk og matematikkdidaktikk som vitskapsfag og matematikkdidaktiske teoriar og modellar for matematisk kompetanse. Emnet er sentralt i eit tilpassa opplæringsperspektiv. I emnet Matematikkens historie vert både vitskapsfaget og skulefaget si utvikling omhandla. Her skal studentane utvikle inngåande kunnskap om kva for kunnskaps- og danningstradisjonar som ligg til grunn for dagens matematikkfag i skulen. Emnet Problemløysing og modellering omhandlar to sentrale tema i matematikk. Studentane får kunnskapar og ferdigheiter både til sjølv å arbeide med problemløysing og modellering, og til å bruke problemløysing og modellering i undervisninga. Desse tre emna utgjer samla den faglege og fagdidaktiske profilen til masterfordjupinga, og dei står i eit utfyllande forhold til kvarandre med skulefaget matematikk som sentreringspunkt.

Med masterfordjuping i norsk møter studentane tre norskfaglege og norskdidaktiske emne. I emnet Norskfaget, norsklæraren og klasserommet skal studentane utvikle inngåande kunnskap om kva for kunnskaps- og danningstradisjonar som ligg til grunn for dagens norskfag i skulen. I emnet Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk skal studentane få inngåande kunnskap om fleirspråklegheit og andrespråkspedagogikk, og korleis læraren kan arbeide for utvikling av ein inkluderande og tilpassa pedagogisk praksis i det fleirspråklege klasserommet. I emnet Lese- og skrivekunne skal studentane få inngåande kunnskap om det utvida literacy-omgrepet og sjå korleis det har prega morsmålsfaget dei siste tiåra. Emnet legg vekt på korleis ein kan arbeide med literacy og utvikling av djupneforståing tilpassa ulike elevgrupper. Desse tre emna utgjer samla den faglege og fagdidaktiske profilen til masterfordjupinga, og dei står i eit utfyllande forhold til kvarandre med skulefaget norsk som sentreringspunkt.

I masterfordjupinga i samfunnsfag møter studentane tre samfunnsfaglege og samfunnsfagdidaktiske emne som gir fordjuping i profesjonsfagleg arbeid med samfunnsfaget.  Emnet Samfunnsfaget og barns mediekultur gir utvida kunnskap om barndom og mediekultur i eit samfunnsfagleg perspektiv. I emnet Demokrati, danning og medborgarskap er samfunnsfaget og samfunnsfaget si rolle i kvardagen, i skulen og i forskinga sentralt, og då med særleg fokus på skulens demokratiske danningsoppdrag. I emnet Lokalsamfunnet i samfunnsfaget blir elevens livsverd knytt til heimstaden og skulen i lokalsamfunnet i lys av teoretiske perspektiv på ‘stad’ og ‘identitet’, og her særleg med  elevens utforsking av ‘det nære’ for auget. Desse tre emna byggjer vidare på tema som inngår i den breiare innføringa i samfunnsfaget i dei tre første åra i studiet. Samla utgjer emna den faglege og fagdidaktiske profilen til masterfordjupinga, og dei står i eit utfyllande forhold til kvarandre med skulefaget samfunnsfag som sentreringspunkt.

Masterfaget spesialpedagogikk inneheld eit emne 15 på studiepoeng fjerde året. Det er konsentrert om dei ulike rollene spesialpedagogane kan ha i skulen og viser breidda i dei faglege utfordringane. Dei varierer mellom det å planlegge og gjennomføre spesialundervisning, det å legge til rette den ordinære opplæringa for elevar som strevar, vere rådgjevar for kollegaer og det å vere aktør i institusjonelt endrings- og utviklingsarbeid.

Saman med PEL-faget og praksisopplæringa skal masteremna som er skildra ovanfor, gi breiare innsikt i FoU-arbeid både i faga og i skulen. Hovudfokus er den profesjonelle læraren, elevmangfald, og skulen som organisasjon. Studentane skal også få erfaring med lærarrolla som ein deltakar i ein profesjonell fellesskap, der ein også ser på skule-heim-samarbeid, samarbeid mellom skulen og andre institusjonar og korleis skulen møter elevar med ulike behov. I praksisopplæringa vil studentane delta i skuleovertaking, der dei får ansvaret for å drifte ein skule med alle dei arbeidsoppgåvene som følger med, frå kontaktlærar til rektoroppgåver. Det er også forventa at studentane skal delta i utviklingsarbeid og innovasjonsprosessar på skulen. Dette blir følgt opp frå faga med arbeidskrav og oppgåver før, under og etter praksisperiodane, samt i seminar med fokus på skuleutvikling og digital innovasjon knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse. I løpet av fjerde studieår skal studentane delta på seminar som omhandlar tema som psykososialt læringsmiljø, elevmangfald, mobbing, nettmobbing, digital danning og dømmekraft.

 

5. studieår

I det siste studieåret skal studentane gjennomføre eit emne på 15 studiepoeng i metode og vitskapsteori med fokus i masterfaget dei har valt, samtidig med det siste emnet i pedagogikk og elevkunnskap (PEL4). Emnet i vitskapsteori og metode bygger vidare på grunnlaget studentane har fått gjennom dei tre første åra i utdanninga. Dei vil gjennom dette emnet få ei metodisk breiddekunnskap som set dei i stand til å sette seg inn i forsking på høgt nivå.

I PEL4 er tema skulen og samfunnet i eit demokratisk og kritisk perspektiv, og byggjer vidare på tidligare PEL-emne og erfaring frå praksisopplæring tidligare år. Temaet blir også belyst gjennom tverrfagleg seminar i profesjonsfagleg digital kompetanse med fokus på skulen i medie- og informasjonssamfunnet. I vårsemesteret skal studentane skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng.  Det er ikkje lagt opp til praksisopplæring i det siste studieåret, men det kan bli aktuelt med ulike former for feltarbeid i skulen forbindelse med opplæring i metode og vitskapsteori. I arbeidet med masteroppgåva vil det også bli aktuelt med innsamling av data frå praksisfeltet.

Nasjonale føringar: 

Utdanninga er regulert av nasjonal forskrift om rammeplan for femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10: https://www.regjeringen.no/contentassets/fbaf26939bbd40abacba73e34a95d2fc/forskrift-om-rammeplan-for-grunnskolelarerutdanning-for-trinn-5-10.pdf

 

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført utdanning

Kunnskapar: 

Kandidaten:

  • har avansert kunnskap i ett av faga norsk, matematikk. samfunnsdag, engelsk eller spesialpedagogikk.
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåven)
  • har brei profesjonsretta kunnkap om øvrige fag som inngår i utdanninga
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, samt vitenskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, og om overgangen frå barnesteg til ungdomssteg og frå ungdomssteg til videregåande opplæring
  • har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av elevane si læring og kva som fremmar læring i faga
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn og unges si utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle kontekstar
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livvsituasjonar, herunder kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, gjeldande lovverk og barna sine rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga si eigenart og historie, og forståing av skulen si utvikling som organisasjon, sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet
Ferdigheiter: 

Kandidaten

  • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, aleine og saman med andre
  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande lærarplaner
  • kan iverksette tidleg innsats og sikre progresjon i arbeid med elevane si utvikling av grunnleggande ferdigheiter og fag
  • kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø som bidreg til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevane si læring, gje læringsfremmande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierte undervisingsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og resssursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan analysere og forholde seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og anvende denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan alene, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings - og utviklingsarbeid, for kontinuerleg utvikling av eigen og skulen sin kollektive praksis, samt gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing
  • kan identifisere teikn på mobbing, vald og seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne sette i verk tiltak, og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar
Generell kompetanse: 

Kandidaten

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid, bidra til forståing av samanes status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og bærekraftig utvikling
  • kan initiere og ta i vare eit godt skule-heim samarbeid, og samarbeide med andre aktørar relevante for skulen si verksemd
  • behersker norsk muntleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssammanheng
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytta til profesjonsutøvinga, og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etisket problemstillingar og bidra til utvikling av faglig fellesskap på den enkelte skule
  • kan bidra i innovasjonsprosessar knytta til skulen si verksemd og legge til rette for at lokalt, arbeids-, samfunns- og kulturliv involveres i opplæringa
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiestad er Volda, og all undervisning skjer her. I praksisperiodane vil studentane bli fordelt på ulike praksisskular i nærområdet. Arbeidsmengda skal vere om lag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng per år, fordelt over 40 veker. Studentane skal få erfaring med  yrkesrelevante arbeids- og vurderingsformer. Det vil vere stor variasjon i arbeidsformene. Aktuelle arbeidsformer vil t.d.vere:

  • forelesing
  • arbeid i grupper
  • praksis
  • arbeid med ulike arbeidskrav
  • oppgåveskriving
  • rettleiin individuelt og i grupper
  • seminar med fokus på gjennomgåande tema i studiet
  • litteraturstudium
  • studieturar
  • feltarbeid/datainnsamling

Arbeidsformene er gjort meir detaljert greie for i emneplanane i dei ulike faga. Høgskulen legg vekt på å legge opp til studentaktive læringsformer. I tillegg til å delta aktiv i dei ulike læringsaktivitetane, er det forventa at studenten tek ansvar for å før- og etterarbeid av studieaktivitetane. Det er forventa at studenten legg inn vesentleg tid til sjølvstudium i løpet av studieåret.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i studiet. For å framstille seg til eksamen i eit emne må frammøtekrav og alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet før vere fullført før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.

Studenten må ha karakteren "Stått" i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. Sjå meir om dette i emneplanane for praksis.

Navn: 
Master i grunnskulelærarutdanning for 5.-10. årssteg
Emne17 H18 V18 H19 V19 H20 V20 H21 V21 H22 V
Obligatoriske emne 1. studieår
30303030303030303030
 
7.57.5
 
 
**
 
 
*
 
 
Fordjupingsemne 1. studieår
 
 
15
 
 
15
 
 
15
 
 
15
 
 
7.57.5
 
 
7.57.5
Obligatoriske emne 2. studieår
 
MGL5-10SA2a Samfunnsfag 2A: politikk og demokrati - kontiuitet og vendepunkt
15
 
 
MGL5-10EN2A: Engelsk 2A
15
 
 
MGL5-10MA1B: Geometri, statistikk, sannsyn og funksjonar
15
 
 
MGL5-10NO1B: Ungdomslitteratur, lese- og skrivevanskar, munnleg kommunikasjon, multimodale tekstar og norsk som andrespråk
15
 
 
MGL5-10 PR2A: Praksis 2A, 15 dagar
*
 
 
MGL5-10 PR2B: Praksis 2B, 10 dagar
*
Fagval 30 stp. 2. studieår
 
MGL5-10KRL1: kristendom, religion og etikk 1
30
 
 
MGL5-10KR1: Kroppsøving
30
 
 
MGL5-10NA1A: Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk
15
 
 
MGL5-10NA1B: Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk
15
 
 
MGL5-10sp1: Spesialpedagogikk 1: Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt
15
 
 
MGL5-10SP2: Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning
15
 
 
MGL5-10DKL: Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon
30
 
 
 
3. studieår
 
 
 
MGL5-10PR3. Praksis 3: 30 dagar
**
 
 
 
MGL5-10PE2. Pedagogikk og elevkunnskap: Den lærande eleven i elevmangfaldet
7.57.5
 
 
 
MGL5-10SAM2B. Samfunnsfag 2B: Regionsstudium
7.57.5
 
 
 
MGL5-10EN2B: Engelsk 2B
7.57.5
 
 
 
MGL5-10MA2A. Matematikk 2A: Matematikkdidaktikk og argumentasjon og bevis i geometri
15
 
 
 
MGL5-10MA2B. Matematikk2B: Funksjonsanalyse, statistikk, sannsyn og algebra
15
 
 
 
MGL5-10NO2A. Norsk 2A: Litteratur, kultur og danning
15
 
 
 
MGL5-10NO2B: Norsk 2B: Språk-og tekstvitskap, skriveopplæring, vurdering og FOU-oppgåva
15
 
 
 
MGL5-10FOU. FOU-oppgåve
*
 
 
 
4. studieår, Obligatoriske emne
 
 
 
MGL5-10PE3. Pedagogikk og elevkunnskap 3: Den profesjonelle læraren i møte med elevmangfaldet, heimen og andre samarbeidspartnarar
7.57.5
 
 
 
MGL5-10PRA4: Praksis 4,30 dagar
**
 
 
 
Val av masterfag. Studentar som vel MGL5-10SP3 kombinerer med eitt av undervisningsfaga, emne 3B og 3C om våren
 
 
 
MGL5-10SA3A: Samfunnsfaget i møte med barns mediekultur
15
 
 
 
MGL5-10SA3B: Medborgarskap, danning og demokrati
15
 
 
 
MGL5-10SA3C: Lokalsamfunnet i samfunnsfaget
15
 
 
 
MGL5-10MA3A: Problemløysing og modellering i matematikk
15
 
 
 
MGL5-10MA3B: Matematikk,- eigenart, læring og undervisning
15
 
 
 
MGL5-10MA3C: Matematikkens historie
15
 
 
 
MGL5-10NO3A: Norskfaget, norsklæraren og klasseromet
15
 
 
 
MGL5-10NO3B: Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk
15
 
 
 
MGL5-10NO3C: Lese og skrivekunne
15
 
 
 
MGL5-10EN3A: Resepsjon, Adapsjon og omsetjing
15
 
 
MGL5-10EN3B: Engelsk ordkunnskap og ordlæring
15
 
 
MGL5-10EN3C: Digital kompetanse i engelsk
15
 
 
MGL5-10SP3. Spesialpedagogikk 3: Spesialpedagogrolla i skulen
15
Obligatoriske emne og masteroppgåve 5. studieår
 
MGL5-10PE4. Pedagogikk og elevkunnskap 4: Skulen og samfunnet i eit demokratisk og kritisk perspektiv
15
 
Masteremne
 
 
MGL5-10VISA: Vitskapsteori og forskingsmetode, samfunnsfag
15
 
 
 
MGL5-10SA4: Masteroppgåve samfunnsfag
30
 
 
 
MGL5-10VINO: Vitskapsteori og forskingsmetode, norsk
15
 
 
 
MGL5-10NO4: Masteroppgåve i Norsk
30
 
 
 
MGL5-10VIEN: Vitskapsteori og forskingsmetode, engelsk
15
 
 
 
MGL5-10EN4: Masteroppgåve i Engelsk
30
 
 
 
MGL5-10VISP: Vitskapsteori og forskingsmetode, spesialpedagogikk
15
 
 
 
MGL5-10SP4: Masteroppgåve i spesialpedagogikk
30
 
 
 
MGL5-10VIMA: Vitskapsteori og forskingsmetode, matematikk
15
 
 
 
MGL5-10MA4: Masteroppgåve i matematikk
30
Krav om skikkavurdering og autorisasjon: 

Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, føregår gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet, og alle som er i kontakt med studentane har ansvar for dette. Særskild skikkavurdering startar med at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning, vedteken av Kunnskapsdepartementet 01.08.06 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859

Praksis: 

Eit mål for praksis i grunnskulelærarutdanninga er at studentane skal utvikle læraridentitet og profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og bearbeide eigne profesjonsfaglege, skulefaglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksis skal vere rettleidd, variert og bli vurdert. 

 

Praksisstudiet skal sikre ei gradvis innføring i ulike sider ved læraryrket i tett samanheng med undervisning i dei ulike faga.

 

Det skal vere progresjon i praksisstudiet frå observasjon og analyse ved starten av studiet til det å kunne innta forskarblikk og vidareutvikle forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksisar i den siste delen av studiet.  

 

Praksisopplæringa må heile tida ta omsyn til elevane og til deira læring. Difor er det viktig at heilskapen i opplæringa for dei ikkje vert borte. For studentane derimot, vil progresjonen i praksisopplæringa vere å gå inn i mindre deler av heilskapen, for å få erfaringar og for å kunne øve på enkeltelement. Det tyder at den praksisen studentane tek del i alltid skal ta omsyn til heilskapen, men at deira innsats kan konsentrerast om deler av denne heilskapen. Målsettinga er at studentane etter kvart kumulativt skal få erfaringar med større og større samanhengar i undervisninga, og i verksemda i skulen.

Praksis er ein integrert del av alle fagstudia og ein arena for systematisk læring og utprøving ved at praksislærar i samarbeid med høgskulen legg til rette for læring og øvingssituasjonar for studenten. Det skal vere eit nært samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og rektor ved praksisskulane om planlegging, gjennomføring og evaluering. 

I løpet av dei fem studieåra skal studenten ha gjennomført og fått godkjent 110 dagar rettleidd og vurdert praksis. I tillegg kjem fem dagar tilrettelagd observasjon i grunnskulen tidleg i studiet. 

 

Praksisstudiet er organisert slik: 

Første studieår: 5 dagar første observasjonspraksis pluss 25 dagar praksis, normalt innretta mot mellomsteget 
Tema for praksis første studieår er lærarrolla, kontaktlærarrolla og lærararbeidet. Studentane får eit første møte med det å vere lærar. Studentane skal nytte systematisk observasjon av praksislærar for å skaffe seg ei første innsikt i dei daglege oppgåvene i yrket. Observasjonane skal analyserast og rapporterast skriftleg som eit arbeidskrav i Pel-faget. I starten får studentane øving i korleis bruke stemma og kroppsspråk som lærar, og dei skal leie ulike dramapedagogiske undervisningsopplegg. Dei skal også få prøve seg med teknisk og pedagogisk bruk av ulike IKT-verktøy i skulen, mellom anna digitale tavler. 

I byrjinga på praksisopplæringa første året får studentane ansvar for avgrensa deler av timar og aktivitetar, Det blir øvd på enkeltelement som å starte ein aktivitet, samtale med elevar om faglege spørsmål, gi tilbakemeldingar, instruere, formidle og vurdere fagleg kunnskap osv. God klasseleiing er ei av dei utfordringane studentane må få erfaring med tidleg. Utetter i praksisperiodane i første studieåret blir dette ansvaret meir omfattande og utvida til å gjelde heile undervisningsøkter og fleire undervisningsøkter. Utfordringane går også frå å ha gruppevis ansvar for undervisning til å få eit individuelt ansvar. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og drøfting av erfaringar frå økter der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. Det er ein viktig føresetnad for å kunne utvikle forskarblikket i praksis. 

 
Andre studieår: 25 dagar, normalt på ungdomsskulesteget 
Tema for praksis i andre studieår er elverolla og tilpassa opplæring i ulike fag. I andre studieår har studentane eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Det er tett kopling mellom faga studenten tek i andre studieår og praksisopplæringa. Praksis i andre studieår er delt inn i to sjølvstendige emne med avsluttande vurdering i begge. I dette studieåret legg ein stor vekt på korleis arbeide med faga i undervisninga. Studentane skal systematisk få prøve ut ulike og sentrale arbeidsformer, og få erfaringar med korleis dei fungerer for ulike elevar og i forskjellige fag. Eit viktig poeng i praksisen dette året er omsynet til det faglege innhaldet i studentane si undervisning. Det blir lagt stor vekt på det faglege nivået i timane, på korrekt og inspirerande fagleg formidling og tilbakemelding til elevane. Studentane skal få erfaring med korleis dei kan førebu, gjennomføre og avslutte undervisningssekvensar for at elevane skal ha fått gode faglege opplevingar og erfaringar. Tilhøvet mellom faginnhald og arbeidsformer er sentralt, like eins er måten det faglege innhaldet blir arbeidd med viktig. Poenget må vere at det faglege kjem til sin rett, er godt strukturert, godt formidla og sett inn i klare samanhengar. 

Praksis 2A i haustsemesteret har hovudfokus på elevrolla, elevmangfaldet  og eleven sitt møte med skule og fag i 5. til 10. årssteg.  Studentane skal observere elevane sine føresetnader og utvikling, og dei skal observere gruppeprosessar og relasjonar mellom elevane. Dei skal også observere og rettleie medstudentar som underviser. 

Praksis 2B i vårsemesteret har hovudfokus på læraren si tilrettelegging for læring av fag.

For dei studentane som er i utlandet på utveksling i vårsemesteret vil det bli lagt til rette for å gjennomføre heile eller delar av praksisopplæringa i utlandet,  i samarbeid med utvekslingsinstitusjonen. 

Tredje studieår: 30 dagar på 5.-10. klassesteg 
Tema for praksis i tredje studieår er mellom anna elevmangfald, skulen som organisasjon og det heilskaplege opplæringsløpet. Dette er kopla tett opp til innhaldet i pedagogikk og elevkunnskap, samt dei andre faga studentane tek i tredje studieår. Studentane skal saman med arbeidet med si eiga FoU-oppgåve i vårsemesteret også få kunnskap om metodar knytt til forskings- og utviklingsarbeid i skulen. Det er ei målsetting at FoU-arbeidet skal hente empiri frå praksisfeltet, og frå ei av praksisperiodane.
Praksis i 3. studieår er på 30 dagar og fordelt på to praksisperiodar, der inntil 5 av dagane er via overgangen frå ungdomssteg til vidaregåande skule.  Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar frå høgskulen.   

Studentane skal få undervisningsansvar for lengre sekvensar, som til dømes å følgje same faget fleire timar etter kvarandre eller å ha ansvaret for all undervisning heile dagar. Omsynet til elevmangfaldet tyder at studentane skal få erfaringar med å differensiere undervisninga, og få kunne møte elevar med ulike føresetnader på deira premissar. Det føreset også ein bevisst og målretta vurderingspraksis. Å skape gode relasjonar til elevane er ei anna side ved praksisen dette året. For å kunne lukkast med det, er det nødvendig at studentane skaffar seg kunnskapar om elevane. Det skal skje dels ved at studentane får del i dei kartleggingsprosessane og den kunnskapen skulen sit med om elevane. Og dels skal det skje gjennom observasjonar og analysar av fagleg arbeid som elevane gjer, og ikkje minst gjennom elevsamtalar. 
 

Fjerde studieår: 30 dagar på 5.-10. klassesteg 

Praksisstudiet i 4. studieår (syklus 2) skal gi studentane ein meir inngåande kunnskap om læringsprosessar, skulen som organisasjon, tilrettelegging for læring av undervisningsfag på 5.-10. trinn, og forskings- og utviklingsarbeid. Det vil vere tett kopling mellom innhaldet i masterfaget, pedagogikk og elevkunnskap og praksis.   

Praksis på 30 dagar og er fordelt på to praksisperiodar, der hovudfokus er skulen som organisasjon og skuleovertaking. Minst 5 av dagane er via skuleovertaking av ein eller fleire av praksisskulane. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar.  Det er ein føresetnad at både planlegginga av undervisninga og gjennomføringa av undervisninga skal grunngjevast i forskingsbaserte tilnærmingar. Både øvingslærar og studentane sine vurderingar av undervisninga skal gjerast ut frå systematiske observasjonar i klasseromma, og relaterast til relevant forskingsbasert kunnskap. I dette året må studentane også gjennomføre systematiske samtalar med elevane for å få tak i deira opplevingar og vurderingar av både undervisninga og skulen. Studentane skal fagleg grunngi og prøve ut eiga lærarrolle, og dei vil ta aktiv del i skule-heim-samarbeid. 

 

Det blir gjennom arbeidskrav og andre oppgåver i praksis i fjerde studieår lagt vekt på at studentane skal utvikle sin forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksis og innta forskarblikket når dei er ute i skulen. Studentane skal få kunnskap om korleis praksisskulane arbeider med utvikling, og korleis skulane gjer seg nytte av resultat frå relevant forsking. Dei skal også få høve til å diskutere desse spørsmåla med både skuleleiing og lærarar på praksisskulane. Der det er aktuelt, kan det også opnast for at studentane kan bidra aktivt i endrings- og innovasjonsprosessar og utviklingsarbeid på praksisskulen. Dette vil skje i tett samarbeid med fagmiljøet på HVO, og vere kopla opp mot innhaldet i masterfaget og pedagogikk og elevkunnskap. 

Praksis skal normalt gjennomførast på praksisskular som HVO har avtale med.  

Studenten må ha karakteren "Stått" i praksis kvart år for å gå vidare i studiet. 

Sjå utfyllande informasjon i emneplanar for praksis. 

Internasjonalisering: 

Det vil bli lagt til rette for at studentane på grunnskulelærarutdanningane  skal få internasjonale impulsar. I fjerde semester kan studenten ha opphald ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet.  Det vil også i vårsemesteret i fjerde studieår vere mulig å delta på utveksling ved utdanningsinstitusjonar som har relevante studietilbud på mastergradsnivå.  HVO har inngått utvekslingsavtalar som er tilrettelagde for grunnskulestudentar ved  utanlandske utdanningsinstitusjonar. Nokre av avtalane gir høve til å gjennomføre praksis som ein del av opphaldet.

Det blir i tillegg lagt opp til ei rekke andre internasjonaliseringstiltak:

  • Bruk av internasjonal pensumlitteratur

  • Internasjonale gjestelærarar

  • Studieturar til utlandet (t.d. Island, England, Danmark, jamfør emneplanar for dei ulike faga)

  • Årleg Internasjonal veke med eit stort spekter av aktivitetar.

  • Opplegg saman med innreisande internasjonale studentar

Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg: 
Oddvar Aalde