Forvaltningsarbeid

Studiet gir ei nyttig og grunnleggande innføring i viktige tema innanfor offentleg forvaltning og sakshandsaming, og høver godt for deg som er eller vil bli sakshandsamar i offentleg sektor. Studiet har ei avgift på kr 4 000 + semesteravgift.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4015
  • Studieavgift

    Kr 4 000,-

Studieinnhald

Nettstudiet gir ei innføring i prosessar og strukturar i offentleg forvaltning. Du får kunnskap om m.a. brukarorientering, styring og omstilling, samt elementær innføring i forvaltningsrett og arbeidsrett. Les meir om emnet her.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp med leksjonar, diskusjonsforum, oppgåveinnlevering, kommunikasjon på e-læringsverktyet Fronter. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan inngå i valfri del i Bachelor i planlegging og administrasjon eller andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda.