Samfunnsplanlegging og leiing

Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    120
  • Søknadsfrist

    01. mars 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4332

Studieinnhald

Studiet gir kunnskap om og forståing av samfunnsplanlegging og offentleg leiing som politisk styrte prosessar med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling. Studiet tek utgangspunkt i at leiarar i offentleg sektor har eit stor samfunnsansvar og at planlegging er eit reiskap for utøving av slik leiarskap. Behova i samfunnet blir meir og meir samansette, og offentleg sektor må difor framstå som meir samordna. Saman med privat og frivillig sektor må offentleg sektor bidra til meir samhandling, og saman med brukarar/borgarar bidra til meir samskapte og tilpassa tenester. Gjennom studiet  opparbeider du evne til å knyte saman kunnskap og handling i analysar og refleksjon. Du får eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for leiing og planlegging i samfunn og organisasjonar.

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule med minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:

1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjuping (200-nivå) i det same faget. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, administrasjon og organisasjonsvitskap og økonomi og administrasjon.

2. Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.

3. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.

4. Ein kan søkje einskildemne i masterstudiet dersom ein har minst tre år høgare utdanning.

Internasjonalisering

Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i utlandet, og du kan få hjelp til å finne aktuelle studium.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Praktiske øvingar med utgangspunkt i studentane sine eigne utfordringar er ein viktig del av studiet. Undervisninga er tilrettelagt både for heiltids- og deltidsstudentar. Emne på 15 studiepoeng går over eitt semester med tre vekesamlingar på fire til fem undervisningsdagar. Mellom samlingane er det sjølvstudium og høve til rettleiing gjennom Fronter. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Med master i Samfunnsplanlegging og leiing får du ei solid og spesialisert utdanning med vekt på utøving av leiarskap og samfunnsansvar gjennom systematiske planprosessar med brei deltaking, dialog, refleksjon og læring. Studiet er spesielt eigna for personar med profesjonsutdanningar som no sit i leiarstillingar. Programmet kvalifiserer for planlegging og leiing på mange nivå i samfunnet og innanfor ulike fagområde. Fullført mastergrad kvalifiserer også for opptak til doktorgradsprogram, som kan leggje grunnlaget for ein karriere som forskar.