Offentleg rett

Offentleg rett har som mål å gi innføring i sjølvstendig juridisk tenking, i tillegg til å gi innsikt i ein del hovudreglar innanfor offentleg rett. Det vert lagt vekt på å gi studentane trening i bruk av rettsreglar. Offentleg rett 1 (15 stp) går i haustsemesteret, medan Offentleg rett 2 (15 stp) går vårsemesteret. Studiet har ei avgift på kr 4 000,- per 15 studiepoengsemne, i tillegg til semesteravgift.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4017 (haust) / 4018 (vår)
  • Studieavgift

    Kr 4 000,- per emne, i tillegg til semesteravgift per semester.

Studieinnhald

Studiet skal gi studentane:

  • Kunnskaper om innholdet av sentrale rettslige begreper som tolkning av rettsregler, kompetanse, delegasjon, ugyldighet og klage
  • Ferdigheter i form av å kunne finne frem relevante rettskildefaktorer og tolke og anvende dem generelt og konkret
  • Generell kompetanse til å kunne identifisere teoretiske og praktiske rettslige problemstillinger og redegjøre for dem overfor andre

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert med utlegging av nettleksjonar, innlevering av oppgåver og aktivitet på ulike diskusjonsfora. E-læringssystemet Fronter vert nytta. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er svært nyttig for ulike  yrkesgrupper både i privat og offentleg sektor. Emna kan takast som frittståande vidareutdanningar eller dei kan inngå i ein bachelorgrad.