Kommunal økonomi

Emnet er spesielt retta mot tilsette i offentleg sektor, men høver også for folkevalde, journalistar og andre som ynskjer kompetanse og innsikt i dette saksfeltet.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4016
  • Studieavgift

    Kr 4 000,-

Studieinnhald

Studieprogrammet gir kompetanse i økonomisk styring og styringsreiskapar i kommunar. Studentane får kunnskapar om regelverk, rammevilkår og rutinar, til dømes i samband med økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp med leksjonar, diskusjonsforum, oppgåveinnlevering, kommunikasjon på e-læringsverktyet Fronter. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei heimeoppgåve. Oppgåva blir levert elektroniske gjennom Fronter. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet er retta mot både privat og offentleg sektor, og kan etter søknad inngå som valfri del av Bachelor i planlegging og administrasjon.