Kunst og handverk

Bachelor i kunst og handverk er utdanninga for deg som vil utøve og formidle kunst og kultur i skulen eller kultursektoren. Studiet er i hovudsak praktisk, der oppgåveløysing knytt til fagteori er sentralt.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 472

Studieinnhald

Vil du lære om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst? Har du prosjekt eller idear som du gjerne vil materialisere eller ha ned på papiret, eller ønskjer du kanskje å undervise i kunst, design og handverk?

Studiet gir innsikt og kompetanse i teknikkar innanfor varierte materialområde, med skulefagleg relevans. Skapande arbeid, kunst og formkultur er berande innhald gjennom tre år. Tre, tekstil, leire, metall, grafikk, digitale verkty, måling, teikning og toving er nokre av fagområda du møter gjennom studie.

På Høgskulen i Volda møter du eit solid fagmiljø, godt utstyrte verkstadar, eit pulserande studentliv og fantastisk natur.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av bachelorgraden ved utdanningsinstitusjonar i utlandet som Høgskulen i Volda har samarbeidsavtalar med.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte på store delar av undervisninga. Eiga kreativ utvikling og evne til å leggje til rette for læring står sentralt. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet kvalifiserer for arbeid i kulturskulen, formidlingsarbeid i museum/galleri, kulturarbeid i kommunar m.m. Om du ønskjer å arbeide i skuleverket, må du byggje på bachelorgraden med eittårig Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Bachelorgraden gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i Kunst og handverk.