Musikk

Har du lyst til å lære meir om musikk, spele og komponere saman med andre? Som bachelorstudent i musikk får du ei solid og allsidig musikkutdanning. Studiet passar for deg som vil utvikle deg som utøvar og kan tenkje deg å undervise i grunnskulen, kulturskulen og elles i kultursektoren. Høgskulen har eige høgskulekor og symfoniorkester, og kan tilby musikkstudio på profesjonelt nivå og gode øvingslokalitetar.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 437

Studieinnhald

Bachelorprogrammet skal gi deg kunnskapar og ferdigheiter mellom anna innanfor musikkpedagogikk, instrumentaldidaktikk, musikkutøving og -formidling, komponering og arrangering. Du skal utvikle fagleg, kunstnarleg, didaktisk og sosial kompetanse, i tillegg til yrkesetisk refleksjon. Gjennom individuell hjelp og rettleiing skal du utvikle deg sjølv som utøvar på eit instrument eller som songar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Delar av studiet kan takast ved utanlandske institusjonar, som til dømes musikkonservatoriet i Riga. Andre studiestader kan også vere aktuelle.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Organisering av undervisninga vil veksle mellom førelesing, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Undervisninga vert elles gjort ut frå kva lærar og student finn føremålstenleg. Praksis eller eit praktisk prosjekt i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i første året på studiet. Studentane får elles i mange høve til å opptre i varierte samanhengar, og høgskulen arrangerer både lukka og offentlege konsertar. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie-og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelor i musikk kvalifiserer for arbeid både i privat og offentleg sektor, til dømes grunnskulen/skulefritidsordning (SFO), kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar og det frie kulturlivet. Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du bygge på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).