Språkvitskap, masteremne

Masteremnet gir kunnskap om korleis språkvitskaplege studium kan bidra til å forstå tekstkulturar, både gjennom studium av språk som fenomen, av språkbrukarar og språksamfunn, og ikkje minst møtet og samspelet mellom desse. Emnet tek for seg ulike typar språkvitskaplege data og metodar. Framvoksteren av språknormer og språknormering har ein sjølvskriven plass i dette emnet, med særleg vekt på det nynorske.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4314

Studieinnhald

Les meir om Språkvitskap her

Opptakskrav

Oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde er etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Tre vekesamlingar i vårsemesteret med førelesingar. Kvart tema vert dekt av ein dobbelttime førelesing. Studentane må òg rekne med å få tildelt arbeidsoppgåver dei må løyse mellom vekesamlingane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet inngår i Master i nynorsk skriftkultur. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergraden, får studiet automatisk godskrive i graden.