Migrasjon, kjønn og religion / Migration, gender and religion

Menneske har alltid vore på flyttefot, av tvang, av naud eller av fri vilje, på leiting etter mat, tryggleik eller arbeid. Migrasjon er knytt til oppbrot, men fører òg til nye møte mellom menneske og kulturar. I dette emnet studerer vi migrasjon over landegrenser i historie og samtid. Kjønn og religion er to faktorar som kan ha mykje å seie i migrasjonssituasjonen. Grunnane til og vilkåra for migrasjon kan vere ulike for kvinner og menn. Religion kan vere ei hjelp, men òg ei hindring i dei kulturmøta som oppstår. 

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4362

Studieinnhald

Masteremnet har tre delemne:

  • Migrasjon som forskingsfelt. Nyare europeisk arbeidsmigrasjon
  • Norsk migrasjon til Nord-Amerika 1860-1940
  • Tvungen migrasjon. Flyktningar i Europa og Midt-Austen

Les meir om emnet her

Opptakskrav

Opptakskravet til emnet er det same som for Master i kulturmøte. Les her

Emnet kan også veljast av studentar ved andre mastergrader ved HVO, dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp fordjuping i det same faget.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vil bli nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Vurdering i emnet skjer på grunnlag av endeleg versjon av prosessoppgåva, og ein justerande munnleg eksamen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet er ein del av Master i kulturmøte. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergraden, får emnet automatisk godskrive i graden.