Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711-1501

Studiet av al-Andalus spenner seg over politiske, økonomiske og sosiale endringar, med eit tyngdepunkt i historisk-antropologiske/kulturhistoriske perspektiv på utviklinga innan sameksistensen mellom dei muslimske, kristne og jødiske innbyggarane. Eit viktig fokus er byen si sentral rolle i organiseringa av samfunnet, der samspelet med det velutvikla irrigasjonsjordbruket var av stor økonomisk betyding. Byen var også ein arena for økonomisk og kulturell samhandling mellom ulike etniske og religiøse grupper under skiftande regime, og stod elles i relasjon til eit handelsnettverk som strekte seg kring heile Middelhavet.

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4309

Studieinnhald

Fagemnet har fire tyngdepunkt:

  • Arabisk politisk og kulturelt hegemoni veks og kulminerer 711-ca 1250
  • Sosial- og kulturhistoriske perspektiv på al-Andalus 
  • Handel og byutvikling i al-Andalus
  • Kongedømet Nasrid Granada (1232-1492)

Opptakskrav

Masteremnet har det same opptakskravet som Master i kulturmøte. Les her

Emnet kan også veljast av studentar frå andre mastergrader ved HVO, dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vil bli nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Emnet blir vurdert på grunnlag av innlevert prosessoppgåve, samt munnleg eksamen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet er ein del av Master i kulturmøte og Master i samfunnsplanlegging og leiing. Dei som fullfører emnet og seinare vil gå vidare til mastergraden, får emnet automatisk godskrive i graden.