Mastergradsutdanning i praktiske mediefag

Medieyrka er i endring. Journalistar, kommunikatørar, animatørar, produsentar og dokumentaristar blir stadig tettare kopla saman i det profesjonelle yrkeslivet. Som den einaste i landet tilbyr Høgskulen i Volda ei praktisk medieutdanning på masternivå, der studentar frå dei ulike medieprofesjonane møtast.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    120
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4391

Studieinnhald

Studiet gir avansert kunnskap om medieprofesjonar og forteljingsformer - og spesialisert innsikt i eit avgrensa område av feltet, som til dømes journalistikk, kommunikasjon, animasjon, produksjon eller design. Mastergraden skaper eit felles læringsmiljø for mediestudentar, der ulike fagområde møtast gjennom felles emne som er aktuelle for alle typar yrkesutøvarar i mediebransjen.

Studentane kan velje mellom to typar masteroppgåver:

  • Praktisk medieproduksjon kombinert med ei skriftleg oppgåve
  • Ei ordinær masteroppgåve utan produksjon

Høgskulen i Volda har det største medieutdanningsmiljøet i Noreg, og har utdanna fagfolk sidan 1971. Høgskulen har også eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa i Noreg og utlandet. Det er lagt opp til 8-10 vekers praksis i ei leiande mediebedrift eller ein institusjon eller verksemd som er relevant for kandidaten sitt fagfelt, anten det er journalistikk, kommunikasjon, animasjon, produksjon eller design.

Opptakskrav

Fullført bachelorgrad med minst 80 studiepoeng i medier og kommunikasjonsfag eller journalistiske fag. Det er eit krav at minimum 40 studiepoeng av emna i bachelorgraden er innan praktiske fag. Relevant yrkeserfaring kan kompensere for kravet om emne innan praktiske fag.

Internasjonalisering

I andre semester er det høve til å studere ved ein annan norsk eller utanlandsk institusjon.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i forelesingar/seminar og arbeidsgrupper. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med faglege problemstillingar knytt til både eigne prosjekt og felles undervisningsopplegg.

Språk

Undervisninga vert gitt på engelsk. Studentane kan normalt skrive oppgåver på norsk. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ei mastergradsutdanning i praktiske mediefag får du ei solid og spesialisert utdanning, godt tilpassa morgondagens medielandskap. Begge studieløpa kvalifiserer til vidare doktorgradsprogram.