Prosessleiing i samfunn og organisasjonar

Vidareutdanninga på masternivå er retta mot yrkesgrupper i privat og offentleg sektor som treng kunnskap og innsikt i bruken av kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar i planleggings- og utviklingsarbeid. 

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4358

Studieinnhald

Studiet gir studentane kompetanse i prosessleiing og i å designe plan- og utviklingsprosjekt med stor grad av deltaking og medverking i organisasjonar og samfunn.  Studiet gir kunnskap om kommunikativ rasjonalitet og plasserer kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng. Det vil bli lagt vekt på å trene studentane i ferdigheita til å stimulere dialog og refleksjon i grupper og i å bruke kommunikative metodar. Studentane får eit fagleg grunnlag for kritisk å kunne vurdere ulike medverknadsmetodar i plan- og utviklingsprosessar. Oppøving av evne til kritisk refleksjon over eiga og andre si rolle i gruppeprosessar er ein viktig del av studiet.

Opptakskrav

180 stp høgare utdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagd opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar og planproblem. Studentane får tilgang til eit eige rom i Fronter der ein kan finne detaljert program, førelesingar m.m., og der ein kan levere heimeoppgåver, for å få kommentar, kommunisere med medstudentar og lærarar m.m.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning eller godskrivast som valfritt emne i master i Samfunnsplanlegging og leiing og master i Helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda.