Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering

Masterstudiet er retta mot deg som har yrkesutdanning innanfor helse- og sosialfag og som ønskjer auka kompetanse i relasjonsarbeid med einskildpersonar, familiar og grupper. I studieprogrammet vert det fokusert på meistring og myndiggjering av menneske i alle delar av livsløpet når det gjeld å handtere utfordringar i ulike situasjonar.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    120
  • Søknadsfrist

    01. mars 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4371

Studieinnhald

I studiet vert det fokusert på meistring og myndiggjering av menneske i alle delar av livsløpet når det gjeld å handtere utfordringar i ulike situasjonar. Du skal få kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar. Studiet skal også gi deg kompetanse i å undervise, rettleie og initiere FOU-prosjekt med vekt på slike målsetjingar.

Opptakskrav

Det generelle kravet for å bli teken opp er minimum treårig grunnutdanning i helsefagleg, pedagogisk eller sosialfagleg utdanning.

  • Bachelorgrad i helse- eller sosialfag
  • Lærar- eller kulturfagleg utdanning med relevante fagval
  • Cand. mag. med relevant fagsamansetjing
  • Anna relevant grad eller utdanningsløp av minimum 3 års omfang etter særskild vurdering

For dei tre siste punkta er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av minimum 80 studiepoengs omfang innanfor helse- eller sosialfag.

Internasjonalisering

Som student ved master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert for både deltids- og fulltidsstudentar, og gjer det mogleg å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Fronter). Emna vil bli arrangert slik at fulltidsstudentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester.

På dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet, Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet og Forskingsmetode og vitskapsteori, vil det vere krav om 80% deltaking på samlingane. I tillegg kan studenten velje relevante valfrie emne. Studiet vert avslutta med skriving av masteroppgåve. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Masterprogrammet legg vekt på å gi studentane eit godt grunnlag for klinisk arbeid, undervisning og førebyggjande arbeid. Særleg er slik kompetanse etterspurt i helseføretaka. Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil. Fullført mastergrad gir grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid (FoU), og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.