Meistring og myndiggjering, strukturperspektivet

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergrad i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering, får studiet automatisk godskrive i mastergraden.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4378

Studieinnhald

Studiet skal gi studentane auka innsikt og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis, og kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem. Les meir i emneplanen.

Opptakskrav

Det generelle kravet for å bli teken opp er minimum treårig grunnutdanning i helsefagleg, pedagogisk eller sosialfagleg utdanning.

  • Bachelorgrad i helse- eller sosialfag
  • Lærar- eller kulturfagleg utdanning med relevante fagval
  • Cand. mag. med relevant fagsamansetjing
  • Anna relevant grad eller utdanningsløp av minimum 3 års omfang etter særskild vurdering

For dei to siste punkta er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av minimum 80 studiepoengs omfang innanfor helse- eller sosialfag.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar.

Studentane vel oppgåve tidleg i studiet, og får høve til å levere utkast til kommentar frå faglærar. Dei kan så bearbeide utkastet vidare for endeleg innlevering. Oppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord og skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke litteraturen som vert brukt i emnet. Eksamenen tek utgangspunkt i heimeoppgåva, men gjeld heile emnet. Sjå emneplan for meir informasjon.