Den sekulære skulen i eit religiøst og kulturelt mangfald

Studiet skal gi innsikt i skulen sitt møte med kulturendringar i samfunnet, og er ein del av Master i kulturmøte. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergrad, får studiet automatisk godskrive i mastergraden.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4368

Studieinnhald

I studiet vert det lagt vekt på spørsmålet om religion i skulen i eit internasjonalt perspektiv. Studentane får innføring i spenninga mellom foreldrerett og skule i ei sekulær offentlegheit og mellom trusopplæring og skule i ulike land. I studiet vert det også fokusert på dei pedagogiske og politiske ideane som har vore med på å prege den norske skulen. Sjå emneplan.

Opptakskrav

1. Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule med minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:

- bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.) i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.

-allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping (200-nivå) i det same faget.

-tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.

2. Ein krev minst karakteren C (G, 2, 8 eller stått) i fordjupingsfaget (historie, religionsvitskap eller anna) som det blir søkt opptak på grunnlag av.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vert nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Vurdering i emnet skjer på grunnlag av endeleg versjon av prosessoppgåva, og ein justerande munnleg eksamen.