Teater og drama

Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert ei tekst analysert og tolka og eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære å bruke teater og dramakunnskapar på ulike arenaer, er dette studiet for deg. 

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 618

Studieinnhald

Studieprogrammet er sett saman av fire obligatoriske emne. Studiet gir deg ei god innføring teater og dramafaget, med mye praktisk arbeid. Det er eit mål at studentane skal utdannast til skapande utøvarar i eit ensemble. Du skal mellom anna jobbe med improvisasjon og teatersport, lage teaterframsyningar i ulike genre, skape forteljarteater, arbeide med lesing, analysering og iscenesetjing av dramatiske tekster og lære å skrive akademiske tekster. Alle studentar tek del i ei rekkje fellesproduksjonar, ”husteater”, der dei får teste og utvikle sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevner.

Seksjon for drama og teater har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, syrom og verkstad. Utdanninga samarbeider med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, førelesingar, prosjektarbeid, framføring, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing. 

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid innenfor yrke som:

  • Skodespelar
  • Dramapedagog
  • Teaterpedagog
  • Forteljar
  • Museumsformidlar

Studiet er identisk med første året av Bachelor i teater og drama, og kan danne grunnlag for vidare studium i faget. Det kan også gå inn som valfri del i andre bachelorgradar.

Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du, etter fullført bachelorgrad byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).