Kulturmøte

Med utgangspunkt i faga historie og religion er Master i Kulturmøte eit studium om møte mellom kulturar: regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Reiseverksemd, migrasjon og nye kommunikasjonsteknologiar fører menneske frå ulike kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte både i eit historisk perspektiv og ut frå vår samtid.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    120
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4361

Studieinnhald

Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Det vil kvart år bli gitt tilbod til studentane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr.

Obligatoriske emne:

  • Nasjon, kultur og religion
  • Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon
  • Masteroppgåve i Kulturmøte

Valbare emne:

  • Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk
    mellomalder 711-1501
  • Brennpunkt Midtausten
  • Den sekulære skulen i eit religiøst og kulturelt mangfald
  • Migrasjon, kjønn og religion

Det vert vektlagt å gi studentane kompetanse til å leie arbeid med kulturell integrering, og kunne planleggje og gjennomføre FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre. 

Opptakskrav

1. Opptaksgrunnlaget til mastergraden i kulturmøte er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule med minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:

- bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.) i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.

-allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping (200-nivå) i det same faget.

-tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.

2. Ein krev minst karakteren C (G, 2, 8 eller stått) i fordjupingsfaget (historie, religionsvitskap eller anna) som det blir søkt opptak på grunnlag av.

Internasjonalisering

Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved University of Limerick i Irland eller ulike spanske og skotske universitet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

I Studiet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Når det gjeld den teoretiske delen, dvs. dei to obligatoriske emna og dei to valfrie emna, vert det gitt intensivundervisning i to veker i haustsemesteret (obligatoriske emne) og to veker i vårsemesteret (valfrie emne). Oppgåvedelen av studiet gjennomfører studenten i samråd med rettleiaren. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i kulturmøte gir nyttig og etterspurd kompetanse i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta er meir omfattande og intense enn tidlegare. Studiet har relevans for ulike yrkesvegar :

  • Internasjonalt arbeid
  • Arbeid i organisasjonar og politiske parti
  • I forskings- og utgreiingsarbeid (FoU)
  • I skuleverket
  • I medie- og informasjonsverksemd
  • I offentleg og privat forvaltning
  • I ABM-sektoren
  • Kultursektoren elles

Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.