Utvikling og læring i barnehage og skule

Studiet set fokus på ulike former for undervisning i barnehage og skule. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til Mastergrad i undervisning og læring, får studiet automatisk godskrive i mastergraden.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4317

Studieinnhald

Lærarar må kunne planlegge, gjennomføre og vurdere didaktiske grep i undervisninga som er best eigna til å fremje læring. Emnet gir kunnskap om teoriar og faktorar som påverkar læring hos alle barn og elevar. Det vert særleg lagt vekt på kognisjon og kognitive lærevanskar. Sjå emneplan

Opptakskrav

Fullført og bestått lærarutdanning (førskulelærar, allmennlærar, faglærar med PPU, grunnskulelærar) eller fullført og bestått dei tre første åra i grunnskulelærarutdanningane. Til spesialiseringa i norsk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget norsk og minst karakteren C (2,8) i faget. Til spesialiseringa i matematikk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget matematikk og minst karakteren C (2,8) i faget.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert og arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane. Sjå emneplan for meir informasjon