Dokumentar og journalistikk

Master i dokumentar og journalistikk er no blitt ein del av den nye mastergradsutdanninga i praktiske mediefag/Master in Media Practices.

----

I dagens samfunn vert det stilt stadig høgare krav til utøvarane i mediebransjen. Dette gjeld særleg dei som arbeider med krevjande stoff innanfor kritisk og undersøkjande journalistikk. Masterstudiet opnar for produksjon av reportasjar og dokumentarar innanfor både radio, avis,nett og tv/film og byggjer på lange tradisjonar i undervisning i dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda.

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    120
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4307

Studieinnhald

 Studentane kan velje mellom to studieløp:

• Praktisk-teoretisk mastergrad med ein medieproduksjon for avis, radio, netteller tv/film kombinert med ei skriftleg oppgåve.
• Teoretisk grad med ei masteroppgåve av same omfang som ved medievitskaplege studium ved universiteta.

Studentar som vil lage ein sjølvstendig dokumentar får tilbod om særs kvalifisert rettleiing. Det vil også bli tilrettelagt for nært samarbeid med sentrale redaksjonar som arbeider med undersøkjande journalistikk, avansert digital presentasjon og lengre feature-produksjoner. 

Studentar som tidlegare har gjennomført eittårig dokumentarfilmutdanning, kan søkje om godkriving av studiet.

Dokumentar og journalistikk er planlagt inn i Master in Media Practices, som ligg til vurdering hos NOKUT. Ved eventuell godkjenning vil Master in Media Practices starte opp hausten 2017.  

Opptakskrav

Tre år høgare utdanning som inneheld 80 studiepoeng i journalistikk eller dokumentarstudiar, eller tre år anna høgare utdanning og to år relevant yrkespraksis som journalist eller frå dokumentarproduksjon.

Annan utdanningsbakgrunn vert vurdert særskild.

Internasjonalisering

Det er høve til å ta emne over eitt semester ved ein utanlandsk lærestad.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i forelesingar/seminar og workshops (eventuelt organisert som konsentrerte samlingar). Journalistisk teori, analyse og praksis er ein integrert del. Det blir lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med faglege problemstillingar, knytta til både eigne prosjekt og eit felles undervisningsopplegg.

Aktuelle yrke og vidare studium

Mastergraden gir aktuell kompetanse til utøvarar innanfor kritisk og undersøkjande dokumentarjournalistikk. Begge studieløp kvalifiserer til vidare doktorgradsprogram.