Den nynorske teksten

Studiet tek for seg nynorsk samtidslitteratur og fokuserer på eit utval nynorsk fiksjon og sakprosa frå 1980 og fram til i dag. Studiet er ein del av mastergraden i Nynorsk skriftkultur. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergrad, får studiet automatisk godskrive i mastergraden.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4312

Studieinnhald

Studenten skal mellom anna få inngåande kunnskap om

  • nynorsk samtidslitteratur
  • korleis nynorske tekstar frå samtida handsamar forholdet mellom notid og fortid
  • relevant teori og sekundærlitteratur

Les meir i emneplan

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til mastergraden i nynorsk skriftkultur er oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde er etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar i vårsemesteret med førelesingar og diskusjon. På ei av samlingane gir kvar student ein munnleg presentasjon av oppgåveprosjektet sitt, med påfølgjande respons frå førelesar og medstudentar. Studentane skal skrive ei semesteroppgåve på nynorsk (4000 ord +/÷ 10 prosent (altså om lag 10 sider). Det vert gitt tilbod om rettleiing.