Norskfaget, norsklæraren og klasserommet

Studiet tek for seg norskfagets historie med vekt på korleis faget sine målsettingar, innhald og arbeidsmåtar har endra seg i takt med endringane i samfunnet elles. Emnet er obligatorisk i Master i undervisning og læring - spesialisering i norsk. Om du ønskjer å fullføre denne graden, vil emnet bli automatisk godskrive.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4389

Studieinnhald

Det vert lagt vekt på norsklæraren sine utfordringar sett i lys av gjeldande læreplanar og metodiske utfordringar knytt til norskfagleg klasseromsforsking. Studentane skal mellom anna lære å planlegge og gjennomføre norskopplæring med utgangspunkt i gjeldande normtekstar og i eit mangfaldig klasserom. Dei skal også kunne bruke kunnskap om språknormering i opplæring, rettleiing og vurdering. Les meir i emneplan

Opptakskrav

Fullført og bestått lærarutdanning (førskulelærar, allmennlærar, faglærar med PPU, grunnskulelærar) eller fullført og bestått dei tre første åra i grunnskulelærarutdanningane. Til spesialiseringa i norsk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget norsk og minst karakteren C (2,8) i faget. Til spesialiseringa i matematikk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget matematikk og minst karakteren C (2,8) i faget.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert med fem samlingar på to dagar ved Høgskulen i Volda. Vurdering skjer på grunnlag av ei skriftleg oppgåve på bokmål, med munnleg justering på om lag 5000 ord. Sjå emneplan