Aktiv omsorg for helse- og sosialfag

Studieprogrammet er retta mot yrkesgrupper som arbeider innan demensomsorga, og skal gi studentane kunnskap om korleis ein kan nytte song og musikk i behandlingstilbodet til personar med demens, både individuelt og i gruppe. På alle samlingane vil det bli arbeidd med praktiske song og musikkaktivitetar.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4089
  • Studieavgift

    Kr 7 500,- per semester

Studieinnhald

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng, som kan takast uavhengig av kvarandre:

  • Miljøterapi i demensomsorga ( hausten 2017 / våren 2018).
  • Musikk og erindring i målretta miljøarbeid (hausten 2018 / våren 2019)

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Kvart emne er organisert med 2 samlingar om hausten og 2 samlingar om våren. Kvar samling går over 3 dagar. Undervisninga vil ha ulike former som førelesingar, praktiske øvingar, prosjektarbeid, framføring, rettleiing og sjølvstudium. Studentane som kjem frå same arbeidsplass dannar basisgrupper som skal møtast mellom samlingane. Det blir oppretta eige elektronisk klasserom (Fronter), der mellom anna program for samlingane, førelesingar og studentarbeid blir tilgjengeleg. Det er krav om 80 % frammøte til undervisningsaktivitetane.