Emnebeskrivelse

Omsorgstenestene står overfor store utfordringar for å legge til rette for eit meiningsfullt og aktivt liv for personar med demens. Vidareutdanning i Aktiv omsorg skal legge til rette for relevante miljøtiltak til personar med demens og deira pårørande.

MILD101 Miljøterapi i demensomsorga

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
MILD101
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar: 

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Om emnet: 

Studiet skal vere med å styrkje den pedagogiske og kommunikative kompetansen til personar som arbeider i demensomsorga. Målet er å legge tilrette for miljøtiltak i ein personsentrert omsorgspraksis. Målgruppa for studiet er helse- , omsorg-  og sosialarbeidarar som arbeider i heimebaserte tenester, på dagaktivitetstilbod og institusjon.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar: 

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om::

  • kognitiv svikt og demens
  • personsentrert omsorgspraksis og miljøbehandling
  • realitertorientering, validering og erindringsarbeid
  • forskings- og utviklingsarbeid innan fagfeltet
Ferdigheiter: 

Etter fullført emne skal studenten ha ferdigheiter i:

  • å kunne observere og kartlegge brukarane sine ressursar
  • å kunne planlegge og gjennomføre miljøtiltak individuelt og i gruppe
  • å kunne evaluere miljøtiltak
Generell kompetanse: 

Etter fullført emne skal studenten ha generell kunnskap om:

  • etiske utfordringar rundt tillitsskapande tiltak
  • å kunne identifisere sårbare situasjonar
  • å kunne reflektere over kva som er god demensomsorg
  • å kunne planlegge og delta i helsefremjande arbeid retta mot brukarar og pårørande
Praktisk organisering og arbeidsmåtar: 

Undervisninga er organisert i fire samlingar à tre dagar (to samlingar i haustsemesteret og to samlingar i vårsemesteret).

Vekesamlingane er på onsdag, torsdag og fredag.

Læreformer som vil bli nytta er førelesingar, praktiske øvingar, gruppearbeid, framføring, rettleiing og sjølvstudium. Til det praktiske og teoretiske arbeidet vert det knytt skriftleg arbeid i form av notat og oppgåveskriving. Studentar vert inndelt i læringsgrupper for fagleg samarbeid. Dei har tilgang til eige elektronisk klasserom (Fronter), der m.a. program for samlingar, førelesingsmateriell og studentarbeid blir lagt ut.

Samlingane blir bygd opp rundt desse tema: Tilnærmingar rundt demensutfordringa, kommunikasjon og samhandling, etiske perspektiv, miljøbehandling, rammevilkår og pårøraneperspektivet. På samlingane blir det ogs framlegg av gruppearbeid og oppgåveseminar.

Det er obligatorisk frammøte (dvs krav om 80% frammøte). Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.

Vilkår for å framstille seg til eksamen: 

Arbeidskrav

A. Utarbeide eit miljøtiltak som skal leggast fram på tredje samling (individuelt eller i gruppe). Døme på slike miljøtiltak kan vere: Erindringsarbeid, sansestimulering, organisering av måltid, fysisk aktivitet. Gruppene lagar eit notat om valg av tema som blir lagt i Fronter. I tillegg skal dei leggje gruppearbeidet fram for medstudentar og rettleiarar på tredje samling.

B. Individuell oppgåve eit miljøtiltak (om lag 1500 ord)

C. Individuelt responsnotat til ein medstudent sitt arbeidskrav B (om lag 1 side)

D. Forslag til problemstilling til den individuelle oppgåva (eksamen) skal godkjennast av rettleiar og studenten kan få to rettleiingar.

 

Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

 

Sensorordning: 

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Minimumstal: 
18
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Eli M. Fjeldseth Røys
Studieavgift: 

kr. 15.000,- pr. emne

Ein kan søke kommunen om støtte til studieavgift og andre utgifter. Kommunen kan få dekka utgiftene hos Fylkesmannen (kompetanseløftet 2020) etter søknad.

Emnet inngår i følgande studieprogram: 
Aktiv omsorg for helse- og sosialfag
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidler
OppgaveIndividuell -A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: 
2500 ord
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 22.02.17