Animasjon

Animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda er internasjonalt kjend, og mange av dei norske suksessane både i animasjonsfilm- og reklamebransjen er skapte av tidlegare studentar. Utdanninga er kjend for filmfestivalen AnimationVolda som vert arrangert kvar haust.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 451

Studieinnhald

Studiet gir ei praktisk og teoretisk innføring i alle vanlege animasjonsteknikkar (teiknefilm, dukkefilm, cut-out og data-animasjon).

  • Første semester: Klassiske teiknefilmøvingar. Historisk kjennskap til animasjonsfilmen som underhaldningsform. Kurs i kreativitet og dramaturgi med produksjon av animatic (filma bildemanus med lyd).  
  • Andre semester: Cut-out-animasjon (både analog og digital) og eksperimentelle animasjonsteknikkar. Animasjonsfilmen blir sett i ein generell filmhistorisk og kunsthistorisk samanheng. 
  • Tredje semester: Dokkefilm, 3D-data og tekst/filmanalyse.
  • Fjerde semester: Spesialisering i ein sjølvvalt animasjonsteknikk. Høve til utveksling med skular i utlandet.
  • Femte og sjette semester: Eksamensproduksjon med skriftleg produksjonsrapport/analyse. Det er også mogleg å ha praksis i eit animasjonsstudio.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, godkjente arbeidsprøver og opptaksprøve. Søkjarane får orientering i eige brev. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein fagkomité som kallar inn aktuelle søkjarar til opptaksintervju og praktiske oppgåver i Volda. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng.

Internasjonalisering

Det vert lagt til rette for at studentane kan gjennomføre delar av studiet i utlandet ved utdanningsinstitusjonar vi samarbeider med, til dømes i Danmark, Storbritannia, Estland, Tyrkia, Kroatia, Frankrike og Australia.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Arbeidsformene er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar. All praktisk undervisning er obligatorisk dersom studentane ikkje kan dokumentere tilsvarande kunnskap. 

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Animatørar arbeider med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk, som til dømes animert kortfilm og bruk av animerte teknikkar i nyheiter, informasjon, reklame og underhaldning.

Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante masterprogram i Noreg og i utlandet.