Politikk, helse og livsløp - Overordna perspektiv

Behovet for tenester frå offentleg sektor er stort, samtidig som forventningane til kvalitet og effektiv ressursbruk aukar. Dette inneber at ein må tenke annleis om planlegging og utforming av tenester. Vidareutdanninga passar for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt. Politikk, helse og livsløp vil også vere ei aktuell vidareutdanning for nyutdanna bachelorstudentar.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4392

Studieinnhald

    Politikk, helse og livsløp - Overordna perspektiv (POL301) skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse, og skal gi studentane kunnskap om korleis ein gjennom nytenking og samhandling kan utvikle heilskaplege tenester i offentleg sektor.

    Sentrale tema:

    • Politikk og planlegging
    • Teoriar om og perspektiv på helse
    • Helsetilstand, levekår og sosial ulikskap i helse
    • Livsløpsteori

    Emnet passar for deg som ønskjer:

    • inngåande kunnskap om politikk og planlegging si rolle for helsefremmande samfunnsutvikling
    • inngåande kunnskap om helsetilstand og helseutfordringar i eit livsløpsperspektiv, med særleg vekt på korleis ulike faktorar påverkar helse og sosial ulikskap i helse
    • å kunne analysere politiske prosessar og planlegging som utgangspunkt for samfunnsutvikling, og særleg utvikling av helse- og velferdstenester
    • å kunne reflektere over eigen praksis, bruke kunnskapen sjølvstendig til å gjennomføre oppgåver og utviklingsprosjekt, og kunne formidle arbeidet ditt på ein fagleg måte

    Politikk, helse og livsløp - Overordna perspektiv (POL301) er eitt av to sjølvstendige emne som utgjer studiet Politikk, helse og livsløp:

    Studentar som tek POL301 først vil få eit særleg godt grunnlag for POL302.

    Opptakskrav

    180. studiepoeng

    Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

    Emnet er organisert som eit deltidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag.

    Samlingar: Vekene 36, 44 og 48 (2017).

    Aktuelle yrke og vidare studium

    Emnet er godkjend som valfritt emne både i Master i samfunnsplanlegging og leiing, og i Master i helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering. Emnet har eit fagleg nivå som gjer at det kan innpassast som valfritt emne i mastergrader ved Høgskulen i Volda og ved andre høgskular og universitet.