Politikk, helse og livsløp - Samhandling

Behovet for tenester frå offentleg sektor er stort, samtidig som forventningane til kvalitet og effektiv ressursbruk aukar. Dette inneber at ein må tenke annleis om planlegging og utforming av tenester. Vidareutdanninga passar for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt. Politikk, helse og livsløp vil også vere ei aktuell vidareutdanning for nyutdanna bachelorstudentar.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4393

Studieinnhald

Politikk, helse og livsløp - Samhandling (POL302) skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse og skal gi studentane kunnskap om korleis ein gjennom nytenking og samhandling kan utvikle heilskaplege tenester i offentleg sektor.

Sentrale tema:

  • Politikk, langsiktig samfunnsplanlegging og livsløp
  • Reformer og program i offentleg sektor
  • Samhandling og medverknad som arbeidsmåtar i utvikling av helsefremmande nærmiljø og helse- og velferdstenester

Emnet passar for deg som ønskjer:

  • inngåande kunnskap om samhandling og medverknad
  • kunne analysere utviklingstrekk og samfunnsutfordringar i eit langsiktig og breitt helse- og livsløpsperspektiv
  • kunne analysere og utvikle helse- og velferdstenester i samarbeid med brukarar og på tvers av fag, forvaltningsnivå og sektorar
  • kunne medverke til langsiktig og heilskapleg planlegging, og legge til rette for utvikling av gode nærmiljø
  • kunne reflektere over eiga rolle som tilretteleggar for gode livsvilkår
  • kunne medverke til nytenking og utvikling i planlegging og iverksetting av helse- og velferdstenester

Politikk, helse og livsløp - Samhandling (POL302) er eitt av to sjølvstendige emne som til saman utgjer studiet Politikk, helse og livsløp:

Studentar som tek POL301 først vil få eit særleg godt grunnlag for POL302.

Opptakskrav

180. studiepoeng

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert som eit deltidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag.

Samlingar: Vekene 5, 10 og 16 (2018).

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet er godkjend som valfritt emne både i Master i samfunnsplanlegging og leiing, og i Master i helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering. Emnet har eit fagleg nivå som gjer at det kan innpassast som valfritt emne i mastergrader ved Høgskulen i Volda og ved andre høgskular og universitet.