Sosialt arbeid, sosionom

Samfunnet treng flinke sosialarbeidarar som forstår korleis psykiske og sosiale problem oppstår, og korleis ein kan tilby hjelp på ein profesjonell måte. Det vert lagt vekt på å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum. Sosialarbeidarutdanninga kvalifiserer for arbeid med sosiale problem på ulike felt og med ulike målgrupper.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 080

Studieinnhald

Studentane skal få innsikt og kompetanse i korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar skapar og held ved like sosiale problem. Studentane lærer å ta utgangspunkt i brukarane sine behov og planlegge og organisere tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld, og kunne reflektere over og grunngi verksemda i eit overordna fagleg og etisk perspektiv. Studiet gir også kompetanse i tverrprofesjonelt samarbeid.

Det er to praksisperiodar:

  • Prosjektpraksis på om lag ti veker i det andre studieåret.
  • Klientretta praksisstudium på om lag fjorten veker i det tredje studieåret.

I tillegg er det feltstudium knytt til aktuelle arbeidsfelt for sosialarbeidarar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Studentane har høve til å søkje om studieopphold ved internasjonale læreinstitusjonar (2. studieår haust). Vi har pr. i dag samarbeidsavtaler med fleire universitet om utveksling, bl.a. Champlain College (USA), Hawaii Pacific University (USA) og The American College of Greece (Hellas). I femte semester kan studentar ut frå faglege og personlege føresetnader ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO har samarbeidsavtale med. Vi har pr. i dag samarbeidsavtale med institusjonar i Tanzania, India, Kenya, Wales, Danmark, Irland.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Utdanninga er eit integrert studium der arbeidsmåtane vekslar mellom storgruppeundervisning (saman med barnevernspedagogstudentar), fokusførelesingar, seminar, gruppearbeid og praksisutplassering. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Sosionomar er etterspurt arbeidskraft i mange ulike yrkessamanhengar: i helse- og sosialsektoren i kommunane, fylkeskommunale institusjonar og behandlingstilbod, kriminalomsorg, humanitære organisasjonar og NAV. Ein finn såleis sosionomar mellom anna i sosial- og barnevernstenesta, i tilbod for funksjonshemma, skuleverket, ved familierådgivingskontor, i fengsel og kriminalomsorg i fridom og i rusmiddelomsorg. Studiet dannar grunnlag for opptak ved Master i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering eller Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium.