Barnehagelærarutdanning

Dyktige og engasjerte barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet. Det er eit meiningsfullt yrke med eit stort ansvar der du får brukt deg sjølv og evnene dine på å rettleie barn på ein positiv måte.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 130

Studieinnhald

Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er ei profesjonsutdanning med bachelorgrad (180 studiepoeng) over tre år. Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket i samfunnet som er prega av mangfald og endring. Å arbeide som barnehagelærar inneber å planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk arbeid  i barnehage, og å leie og rettleie medarbeidarar. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn skal oppleve å leike, undre seg og lære, ut frå eigne føresetnader.

Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Dei to første åra er bygt opp einskapleg nasjonalt, noko som gjer det mogleg for studentar å søkje seg over til andre utdanningsinstitusjonar etter andre studieår.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit semester i utlandet i 5. semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseining. Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisning i alle kunnskapsområda, dei to første studieåra, går gjennom eit heilt studieår. Kvart kunnskapsområde har ulike dagar i veka med undervisning. Vi har prøvd å legge til rette for at det skal vere ei blanding av kunnskapsområde, der det inngår ein del praktisk arbeid og meir teoretiske kunnskapsområde, i alle studieåra. Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa barnehagen sine fagområde.Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

Studentane har eit medansvar og skal kunne påverke studiet. Av studentane vert det stilt krav om at dei har stor grad av eigenaktivitet og sjølvstendig innsats slik at dei er godt førebudd til samarbeid med andre studentar, faglærarar og elles barn, personale og foreldre i praksis. I tillegg til  forelesingar og anna lærarstyrt aktivitet må studentane ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium, arbeid i basisgrupper og arbeid med arbeidskrav og oppgåver. Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og at dei er tilgjengelege for medstudentar i samband med basisgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida.

Aktuelle yrke og vidare studium

Utdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogsk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er barnehagelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen.

Barnehagelærarutdanninga gir grunnlag for opptak til Masterstudiet i undervisning og læring ved Høgskulen i Volda.