Barnehagelærarutdanning, deltid

Dyktige og engasjerte barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet. Det er eit meiningsfullt yrke med eit stort ansvar der du får brukt deg sjølv og evnene dine på å rettleie barn på ein positiv måte.

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 529

Studieinnhald

Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er ei profesjonsutdanning med bachelorgrad (180 studiepoeng) over fire år. Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket i samfunnet som er prega av mangfald og endring. Å arbeide som barnehagelærar inneber å planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk arbeid i barnehage, og å leie og rettleie medarbeidarar. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn skal oppleve å leike, undre seg og lære, ut frå eigne føresetnader.

Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Dei to første åra har ujamn studiepoeng fordeling med 40 stp. første studieår, og 50 stp. andre studieår. Dei to siste studieåra har 45 stp. kvar.

Pedagogikk er eit sentralt og samanbindande fag som inngår i alle kunnskapsområde og har eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsretting av utdanninga.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit semester i utlandet i 7. semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseining. Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over fire år med studiepoenga fordelt slik: 1. år 40 studiepoeng, 2. år 50 studiepoeng, 3. år 45 studiepoeng og 4. år 45 studiepoeng. Arbeidsmengda vil vere omlag 1200 arbeidstimar per år, fordelt over ca.40 veker. Undervisninga er organisert ved at studentane møter til vekesamlingar på Camus i Volda 6 gongar kvart studieår, saman med undervisning i sanntid via konferansesystemet Adobe Connect på nett ein fast dag kvar veke. Studentane har eit medansvar og skal kunne påverke studiet. Av studentane vert det stilt krav om at dei har stor grad av eigenaktivitet og sjølvstendig innsats slik at dei er godt førebudd til samarbeid med andre studentar, faglærarar og elles barn, personale og foreldre i praksis. I tillegg til forelesingar og anna lærarstyrt aktivitet må studentane ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium, arbeid i basisgrupper og arbeid med arbeidskrav og oppgåver. Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og at dei er tilgjengelege for medstudentar i samband med basisgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida.

Aktuelle yrke og vidare studium

Utdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogisk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er institusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er barnehagelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen.

Barnehagelærarutdanninga gir grunnlag for opptak til Masterstudiet i undervisning og læring ved Høgskulen i Volda.