Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning på masternivå for barnehagelærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen. I fylgje nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 15 studiepoeng rettleiing. Studiet skal gi studentane kompetanse i å rettleie studentar og gjennom dette styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage - strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020».

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    13. juni 2017
  • Startsemester

    Haust

Studieinnhald

Gjennom studiet får studenten omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Studiet rettar seg inn mot kollektive læringsprosessar. Vidare er utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap sentralt.

Opptakskrav

Søkjarane må ha fullført førskule-/barnehagelærarutdanning eller tilsvarande utdanning og vere i arbeid i barnehage.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert med tre samlingar a to dagar per semester, med lokalisering Ålesund, i tillegg til nettbasert undervisning (Adobe Connect) tilsvarande ei samling.

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet gjer nytte av dei ressursane som ligg i studentane sine yrkeserfaringar og kunnskapar, og som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema mellom samlingane. Studentane skal også gjennomføre rettleiing i eigen barnehage. Her inngår skriftlege rapporteringar frå rettleiinga som ein viktig læringsstrategi.

Det er obligatorisk frammøte til samlingane og den nettbaserte undervisninga.

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre og få godkjent fem arbeidskrav.

Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetanse i rettleiing av studentar i praksis og kollegaer i barnehagen. Vidare gir studiet innpass på master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.