Sosialt arbeid, barnevernspedagog

Barnevernspedagogutdanninga kvalifiserer for arbeid med omsorg, oppdraging, behandling og førebygging med risikoutsette barn og unge, samt deira familiar. Det er særleg fokus på å sikre betre leve- og oppvekstvilkår særskilt for dei som har sosiale og/eller psykiske problem eller står i fare for å få det.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 070

Studieinnhald

Studiet gir kompetanse til å kunne planlegge og organisere målretta tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld. Arbeidsområdet omfattar både førebyggande- og klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging. Det er eit mål at studentane oppøver evne til refleksjon for å kunne grunngi verksemda si i eit overordna fagleg og etisk perspektiv. Studiet gir kunnskap og øving i førebyggande og kurativt miljøarbeid med barn, unge og deira pårørande i eller utanfor institusjon. Studiet gir også kompetanse i tverrprofesjonelt samarbeid.

Det er to praksisperiodar:

  • Prosjektpraksis på om lag ti veker i det andre studieåret.
  • Klientretta praksisstudium på om lag fjorten veker i det tredje studieåret.

I tillegg er det feltstudium knytt til aktuelle arbeidsfelt for sosialarbeidarar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Studentane har høve til å søkje om studieopphold ved internasjonale læreinstitusjonar (2. studieår haust). Vi har pr. i dag samarbeidsavtaler med fleire universitet om utveksling, bl.a. Champlain College (USA), Hawaii Pacific University (USA) og The American College of Greece (Hellas). I femte semester kan studentar ut frå faglege og personlege føresetnader ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som HVO har samarbeidsavtale med. Vi har pr. i dag samarbeidsavtale med institusjonar i Tanzania, India, Kenya, Wales, Danmark, Irland.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Barnevernspedagogutdanninga er eit integrert studium der arbeidsmåtane vekslar mellom storgruppeundervisning (saman med sosionomstudentar), fokusførelesingar, seminar, gruppearbeid og praksisutplassering. I tillegg arbeider studentane individuelt med lesing av pensum og annan litteratur, skriftleg arbeid med ein variasjon av oppgåvetypar, samt refleksjon. Studiearbeidet vert vurdert på ulike måtar, både av studenten sjølv, medstudentar og lærarar. Dei formelle vurderingane er knytt til arbeidskrav, praksisstudiar og eksamen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Barnevernspedagogutdanninga gir deg etterspurt kompetanse på eit viktig og utfordrande arbeidsområde. Som barnevernspedagog er du kvalifisert for omsorgsarbeid med barn og unge menneske i mange ulike yrkessamanhengar. Du kan mellom anna arbeide ved barnevernstenesta i kommunesektoren, kultur- og oppvekstsektoren, ungdomsklubbar, skule og skulefritidsordningar og i barne- og ungdomsinstitusjonar.

Studieprogrammet dannar grunnlag for opptak ved Master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering og Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda, eller andre relevante masterstudium.