Digital kompetanse i læring (DKL), opne emne

Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage, skuleleiarar og studentar som er under lærarutdanning eller i løp som leier fram mot pedagogisk praksis. Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Studiet er fleksibelt og nettbasert, og du kan velje studieprogresjon ut frå eigne ønsker og behov.

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    Velg frå 15 - 60 stp i året
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4117
  • Studieavgift

    kr 4 000,- per emne. I tillegg kjem ordinær semesteravgift.

Studieinnhald

DKL består av fem frittståande emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei ulike emna tek føre seg digital kompetanse frå kvar sine perspektiv, og utgjer til saman ei heilskapleg forståing for korleis digitale verktøy kan implementerast i læring. Ein kan velje å ta eitt eller fleire av emna etter behov. Du kan maks velje fire emne per studieår.

  • Læringsnettverk og profesjonsfagleg digital kompetanse, 15 stp. (haust)
  • Læringsdesign for framtidas skule, 15 stp. (haust)
  • Leiing av digital skuleutvikling, 15 stp. (vår)
  • Medieproduksjon og sammansette tekstar for læring, 15 stp. (vår)
  • Koding i skulen, 15 stp. (vår)

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert og nyttar nettbaserte samarbeidsplattformar i undervisninga. Det er ein føresetnad at du har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. I tillegg må du disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera og eit digitalt fotografiapparat (eller mobilkamera). Du bør også ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen.

Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med. Det vert lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet gir framtidsretta kompetanse som er etterspurt i skuleverket eller i andre formidlingssamanhengar.