Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Vidareutdanninga gir innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget i barneskulen.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    26. mai 2017
  • Startsemester

    Haust

Studieinnhald

Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.–7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står òg sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kultur i engelskspråklege land.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert gjennom læringsportalen Fronter og Adobe Connect. Det er to samlingar (kvar på to dagar) i Volda i semesteret og ei vekesamling i York i vårsemesteret. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Det er oppmøteplikt til undervisninga. For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt.

I vårsemesteret får studentane tilbod om ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York. Samlinga er ikkje obligatorisk, men det vert forventa at ein så langt det er råd prioriterer å delta, alternativ er eit ekstra arbeidskrav. Høgskulen i Volda dekker overnatting og kursavgift. Vikar, reise- og kostutgifter må studenten dekke sjølv eller gjere eigen avtale med arbeidsgjevar på førehand.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i engelsk på 1.–7. årssteg i barneskulen.