Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Utdanninga gir lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    01. mars 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4147

Studieinnhald

Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det tek for seg moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, i tillegg til populærkultur som film, musikk og liknande. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.–10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert, undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda kvart semester + ei vekessamling i York. Samlingane har obligatorisk oppmøte. HVO dekkjer overnatting og kursavgift på samlinga i York. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Fronter og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.

For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i engelsk på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen.