Engelsk 2 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Vidareutdanninga er eit tilbod til lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning  ”Kompetanse for kvalitet”. Studiet gir lærarar ei fordjuping i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. MERK: Då vi har nokon ledige plasser, opner vi for søking via vår Søknadsweb. Samme opptakskrav gjeld.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    26. mai 2017
  • Startsemester

    Haust

Studieinnhald

Studentane skal fordjupe seg i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, samt skjønnlitteratur, dramatikk og poesi. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning) inkludert/og 30 stp i engelsk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er nettbasert med to 2-dagars samlingar i Volda kvart semester. I vårsemesteret får studentane tilbod om ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York. Samlinga er ikkje obligatorisk, men det vert forventa at ein så langt det er råd prioriterer å delta, alternativ er eit ekstra arbeidskrav. Høgskulen i Volda dekker overnatting og kursavgift. Vikar, reise- og kostutgifter må studenten dekke sjølv eller gjere eigen avtale med arbeidsgjevar på førehand. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Fronter og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.

For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for å undervise i engelsk på  5.–10. årssteg i grunnskulen.