Engelsk 2 for 5. - 10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Praktisk informasjon.

Engelsk 2 for 5. - 10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Praktisk informasjon.

Oppmøte

Det er viktig å betale semesteravgift, registrere seg og få tilgong til læringsplatforma Canvas så tidleg som mogeleg. Nettleksjonar og all informasjon om samlingane vil verte publisert i Canvas, så det er viktig å logge seg på fleire gongar per veke. Canvas har òg ein app for Apple og Android som kan lastast ned slik at ein får viktige meldingar på mobiltelefon. Første nettleksjon vil verte publisert ved semesterstart før første samling i Volda.

Samlingsdatoar:
(Klokka 9-16.00:)

 4.-5. september (Volda)

6.-7. november (Volda)

12.-19. januar (York)

29.-30. januar (Volda)

16.-17. april (Volda)

Det vert også tilbod om å delta på seminar i sanntid på nettet.

 

Undervisningsstad

Det vert to samlingar, kvar på to dagar, i Volda per semester. I tillegg vert det tilbod om ei veke på Det norske studiesenteret i York i vårsemesteret. (Det er viktig å ta York-veka med i berekninga når ein planlegg undervisningstimetalet ein skal ha på eigen skule gjennom skuleåret.) Det er 50 % obligatorisk oppmøte til samlingane, men vi oppmodar alle på det sterkaste om å møte på samlingane for å ta del i m.a. trening på munnlege ferdigheiter.

 

Annan informasjon

Det er nødvendig å ha tilgong til datautstyr med webkamera, høgtalarar og mikrofon med usb-plug. Seminar i sanntid via Adobe Connect er eit viktig supplement til samlingane, og for at desse skal fungere godt må kvar deltakar ha ein mikrofon av god kvalitet og stabilt internett. Det er ikkje obligatorisk å ta del i desse seminara, men vi oppmodar alle om å ta del i så mange seminar som mogeleg.

Kontaktperson

Catherine McCann: mccannc@hivolda.no

Åsa Sundnes Bruheim: 70 07 51 93 / aasab@hivolda.no