Engelsk, fordjupingsstudium

Studiet passar for deg som ønskjer meir kunnskap om engelsk språk og/eller kultur, litteratur og samfunn, og større tryggleik i bruk av engelsk, både skriftleg og munnleg.

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4210 (heiltid) /4211 (deltid)

Studieinnhald

Fordjupingsstudiet gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Det blir tilbode undervising innanfor eit utval språklege og litterære emne. Studentane skal opparbeide kompetanse i:

  • eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur
  • viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet
  • kritisk tolking og drøfting av språklege/litterære uttrykk kritisk tolking og drøfting av teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur
  • akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk
  • skriving av sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk

Opptakskrav

60 stp engelsk, årsstudium eller tilsvarande

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert ulikt i dei emna som inngår i studiet: sjå emneplanar. Det blir undervist i eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, språklege emne om hausten og litterære om våren. Oppgåvemnet bygger på eit undervist emne. Studentar kan ta begge same semester, eller dei kan ta oppgåvemnet etter det underviste emnet.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Både i privat og offentleg sektor er det etterspurnad etter arbeidstakarar med gode språkkunnskapar, evne til kritisk tenking og til å konstruere og tolke avanserte tekstar. Studiet kan inngå i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.