Engelsk 2 (5-10) - for lærarar

Vidareutdanninga gir ferdig utdanna lærarar ei fordjuping i engelsk som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget.

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4155

Studieinnhald

Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det skal dessutan gi kunnskap om kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, i tillegg til skjønnlitteratur, dramatikk og poesi. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.–10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning) inkludert/og 30 stp i engelsk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga går føre seg ved Høgskulen i Volda kvar veke gjennom delar av studieåret. Det betyr at studiet passar for deg som bur i regionen, og som ønskjer å delta på ei skuleretta vidareutdanning i engelsk med tradisjonell undervisning. Sidan du inngår i eit forpliktande læringsfellesskap, er det obligatorisk oppmøte.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for å undervise i engelsk på  5.–10. årssteg i grunnskulen.