Engelsk 1 (5-10) - for lærarar

Vidareutdanninga er primært retta mot lærarar i grunnskulen som ønskjer undervisningskompetanse i engelsk. Studiet gir innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. 

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4174

Studieinnhald

Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærarutdanning, grunnskuelærarutdanning eller faglærar med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga går føre seg ved Høgskulen i Volda kvar veke gjennom delar av studieåret. Det betyr at studiet passar for deg som bur i regionen, og som ønskjer å delta på ei skuleretta vidareutdanning i engelsk med tradisjonell undervisning. Sidan du inngår i eit forpliktande læringsfellesskap, er det obligatorisk oppmøte.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Engelsk for lærarar 5-10 (vidareutdanning) gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget.