Engelsk 4 x 15 stp

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda, og det er morsmålet til om lag 400 millionar menneske. Det er dessutan eit viktig andrespråk for mange fleire. Nettstudiet har ei avgift på kr 16 000,- (kr 4 000,- per emne) + semesteravgift. 

  • Organisering

    Heiltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4010
  • Studieavgift

    Samla avgift: kr 16 000,- (kr 4 000,- per emne). I tillegg kjem ordinær semesteravgift per semester.

Studieinnhald

Studiet gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk og litteratur, kultur og samfunn. Det er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Grammatikk og leksikologi 
  • Litteratur, kultur og samfunn etter 1900
  • Fonetikk og variantar av engelsk
  • Litteratur, kultur og samfunn før 1900

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med rettleiing. Endeleg vurdering skjer ved individuell skriftleg eksamen. To av emna har skuleeksamen, her kan studentar søke om å få ta desentralisert eksamen, jf. eige skjema og søknadsfrist 1. oktober/15. februar. Dei to andre emna har eksamen på nett. Studiet tilsvarar engelsk årsstudium, som vert tilbode med ordinær undervisning i Volda. Det er høve til å delta i det ordinære studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan inngå i ein bachelorgrad som til dømes i Bachelor i Språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.