Engelsk, årsstudium, deltid

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda og er morsmålet til om lag 400 millionar menneske. Det er dessutan eit viktig andrespråk for mange fleire. Eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York er ein del av studiet.  

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 170

Studieinnhald

Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Etter fullført studium skal du kunne bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg. Du skal også kunne identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område).

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga skjer mest i form av forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studiet har krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet gir attraktiv kompetanse som del av kvalifikasjon til yrke, både i privat og offentleg sektor: i skulen, reiselivet, administrasjon, forlag, og andre stader derblir kravd gode engelskkunnskapar. Årsstudiet kan også inngå som del av bachelorgradar (t.d. Bachelor i språk og litteratur).