Examen facultatum

Examen facultatum er eit obligatorisk innføringsemne i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Emnet kan også takast innanfor andre studium og bachelorprogram ved Høgskulen i Volda eller andre høgskular og universitet.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    10
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4001

Studieinnhald

Examen facultatum skal gi kjennskap til sentrale spørsmål i dei humanistiske faga og tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet. Fagstoffet er delt i tre delar:

  • Humanistisk vitskapshistorie
  • Tekst og tolking (hermeneutikk)
  • Kunst og samfunn.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vert gitt gjennom nettleksjonar. Studentane fylgjer opp gjennom oppgåveskriving og responsar på medstudentar sine oppgåvetekstar. I arbeidet med den skriftlege oppgåva får studentane rettleiing frå faglærar.

Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanen for studiet.