Examen philosophicum

Studieprogrammet gir kunnskap og innsikt i sentrale filosofiske spørsmål, og korleis ei rekkje filosofar har drøfta og svart på desse spørsmåla til ulike tider. Det kan inngå som emne i bachelorgradar og er likeverdig med tilsvarande studium ved universiteta. 

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    10
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4000
  • Studieavgift

    Kr 2 500,-

Studieinnhald

Fagstoffet er delt i tre delar:

  • Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp.); oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
  • Etikk (3 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor moralfilosofien.
  • Vitskapsfilosofi (2 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar på Canvas, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Canvas, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i emneplanen.