Friluftsliv

I årsstudiet vert det lagd vekt på å gi studentane gode naturopplevingar og inføring i inspirerande fysiske aktivitetar. Sunnmørsnaturen dannar grunnlag for ulike utfordringar som er relevante både i skule og turisme. 

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 605

Studieinnhald

Studiet gir kompetanse i å undervise og rettleie i friluftsliv. Studentane skal få kunnskap om og allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve. Det vert fokusert på å gi nødvendig kompetanse for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav, og innsikt i rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Opplevingar og erfaringar ein får ute vil gi grunnlag for drøftingar og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald, som kan vare over fleire døgn, gruppearbeid og plenumsdrøftingar og forelesing. Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt, bevege seg i ulendt terreng og bære oppakning. Studentane må vere symjedyktige. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet kvalifiserer for arbeid i mellom anna skuleverket, reiselivet og organisasjonar. Det dannar grunnlag for opptak ved Friluftsliv fordjupingsstudium og natureguidestudiet og kan innpassast i bachelor i Friluftsliv ved Høgskulen i Volda.