Friluftsliv

Høgskulen i Volda har eit høgt kvalifisert fagmiljø innanfor idrett og friluftsliv. Mykje av undervisninga er lagt til den varierte og utfordrande sunnmørsnaturen. Høgskulen har også eigen kystfriluftslivsbase med både naust, båtar, telt og hamner.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 440

Studieinnhald

Som bachelorstudent i friluftsliv får du vere med på allsidige aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du skal lære å planlegge, gjennomføre og vurdere friluftslivaktivitet og opplæring for born, ungdom og vaksne. I tillegg skal du opparbeide kompetanse til å bruke relevante analyseverkty, teknikkar og uttrykksformer. I studiet vert det lagt vekt på refleksjon over eiga faglege utøving. Val av emne i valfri del av bachelorgraden vil gi føringar for yrkeskvalifiseringa.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Heile eller delar av tredje studieåret kan takast i utlandet ved ein samarbeidsinstitusjon.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Opplevingar og erfaringar studentane får ute vil gi grunnlag for drøftingar og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald, som kan vare over fleire døgn, gruppearbeid, plenumsdrøfting og forelesing. Semesterplanen gir nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelorgraden kvalifiserer for arbeid i skuleverket, frivillige organisasjonar og ein omfattande fritidsarena, i tillegg til reiseliv/turisme og forvaltning. Utdanninga vil også gi eit godt grunnlag for arbeid innanfor førebyggande helsearbeid og rehabilitering, og arbeid med barn og unge med spesielle behov. Bachelor i friluftsliv kan gi grunnlag for opptak til mastergrad innanfor fagfeltet. For å få formell kompetanse i skuleverket, må du byggje på med eittårig Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.