Friluftsliv

I studiet vert det lagt vekt på å gi studentane gode naturopplevingar og innføring i spennande fysiske aktivitetar i eit fagleg og sosialt miljø. Den utfordrande sunnmørsnaturen med hav, kyst, fjordar og fjell dannar ramme for opplæringa.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4240

Studieinnhald

Studentane skal lære å planlegge og legge til rette for auka friluftslivsdeltaking og helsefremjande arbeid i samfunnet. Det vert lagt vekt på tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kva motivasjon har å seie for valet av ein fysisk aktiv livsstil. I studiet er teori og praksis sett i tett samanheng med ulike aktivitetar og naturopplevingar. 

Opptakskrav

60 stp i friluftsliv, eller 30 stp friluftsliv + 30 stp andre relevante emne etter individuell vurdering, eller 60 stp idrett etter individuell vurdering (må innehalde friluftsliv)

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Studiearbeidet vil veksle mellom forelesing, seminar, gruppearbeid og opphald ute. Opplevingar, erfaringar ein får ute vil gi grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan takast som frittståande vidareutdanning i friluftsliv/idrett, med sikte på arbeid i skuleverket og i organisasjonar. Det kan innpassast i bachelor i Idrett og bachelor i Friluftsliv ved Høgskulen i Volda.