Helsefag for sosialarbeidarar

Endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Høgskulen i Volda tilbyr ei heilt ny og unik vidareutdanning innan helsefag, som den einaste høgskulen i landet.

Målgruppe for vidareutdanninga: Sosialarbeidarar som jobbar med ulike sårbare brukargrupper som både har sosialfaglege og helsefaglege utfordringar. For eksempel tilsette i tenesta for funksjonshemma, rehabilitering og eldreomsorg, rus, psykisk helse, einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar og ungdom i barnevernsinstitusjon.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    01. desember 2017
  • Startsemester

    Vår
  • Søknadskode

    4130
  • Studieavgift

    8000 kr (4000 kr per semester).

Studieinnhald

Studiet fokuserer på korleis helseperspektivet kan supplere det sosialfaglege perspektivet. Dette vil legge grunnlag for ei større fagleg breidde og bidra til å understøtte god kvalitet i helse- og sosialsektoren. Sentrale område i studiet er sjukdomsforståing, observasjon av symptom og kliniske teikn og grunnleggande pleie og omsorg. Fullført studie gir innføring i grunnleggande medikamenthandtering, men gir ingen automatisk autorisasjon. Studiet vil også rette merksemda mot det førebyggande og helsefremjande perspektivet. Fullført emne skal bidra til ny kunnskap, styrke etisk og fagleg yrkesutøving og auke den tverrprofesjonelle samhandlingskompetansen.

Eitt emne - sju tema

  • Anatomi/fysiologi
  • Sjukdomslære/funksjonssvikt
  • Farmakologi/legemiddelhandtering
  • Førebyggande helsearbeid
  • Grunnleggande omsorg/pleie
  • Sentrale lover og organisering
  • Tverrprofesjonelt samarbeid/samhandling

Opptakskrav

Bachelor i sosialt arbeid: sosionom eller barnevernspedagog.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Helsefag for sosialarbeidarar er eit nettbasert studium med tre obligatoriske samlingar på tre dagar (to samlingar i vårsemesteret og ei samling i haustsemesteret). Mellom samlingane jobbar studentane i nettbaserte læringsgrupper.

Mellom andre og tredje samling skal det vere sju dagar klinisk praksis innan helsefag. Dette er obligatorisk. Studentane er sjølve ansvarlege for å skaffe praksisplass. Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs.

Det er fire arbeidskrav. Avsluttande eksamen er ei individuelle skriftleg heimeoppgåve på 4000 ord.