Historie, 2 x 15 stp

Nettstudiet gir ei grunnleggande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag. Det er eit mål å gi studentane kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og skape reflekterte haldningar. 

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4026

Studieinnhald

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng. Du kan ta to emne på deltid (to semester) eller to emne på heiltid (eit semester). 

Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m.skjer i e-læringsverktøyet Fronter. Det er difor ein føresetnad at studentane er fortruleg med internettbruk. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og –administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet kan påbyggjast til årsstudium i Historie eller gå inn som valfri del i mange bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda.