Historie, 4 x 15 stp

Nettstudiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag. Det er eit mål å gi studentane kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og skape reflekterte haldningar. Studiet kan takast på heiltid eller deltid.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4126

Studieinnhald

Historiestudiet er sett saman av fire emne (15 stp.), tre obligatoriske og eitt valfritt. Studentar som vel eit fordjupingsemne som siste emne i årsstudiet, skal ha fullført minst to av grunnemna før oppstart. Tidspunkt for oppstart av emne vil gå fram av studieplanen. Dei valfrie emna vert tilbodne i anten vår- eller haustsemesteret.

Obligatoriske emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000

Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (vår)
  • Lokal-, familie- og mikrohistorie (vår)
  • Kystkultur og kystsamfunn (haust)
  • Spania - identitet, nasjon, region (haust)

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og all innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Historie årsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet tilsvarer første året i bachelor i Historie ved Høgskulen i Volda. Det er mogleg å søke overgang til bachelorstudiet innan 20. mars. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar, og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i Historie.