Historie, 4 x 15 stp

Nettstudiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag. Det er eit mål å gi studentane kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og skape reflekterte haldningar. Studiet kan takast på heiltid eller deltid.

  • Organisering

    Heiltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4125

Studieinnhald

Historiestudiet er sett saman av fire emne (15 stp.), tre obligatoriske og eitt valfritt. Allment forkrav til eit fordjupingsemne er 30 studiepoeng historieemne på grunnivå. Studentar som vel eit fordjupingsemne som siste emne i årsstudiet, skal ha fullført minst to av grunnemna før oppstart. Tidspunkt for oppstart av emne vil gå fram av studieplanen. Dei valfrie emna vert tilbodne i anten vår- eller haustsemesteret.

Obligatoriske emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000

Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (vår)
  • Lokal-, familie- og mikrohistorie (vår)
  • Kystkultur og kystsamfunn (haust)
  • Spania - identitet, nasjon, region (haust)

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og all innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Historie årsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet tilsvarer første året i bachelor i Historie ved Høgskulen i Volda. Det er mogleg å søke overgang til bachelorstudiet innan 20. mars. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar, og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i Historie.